Midt mellom Preikestolen og Trolltunga, langs Nasjonal Turistveg Ryfylke og Discovery Route, finn du Skattkammeret Suldal. Her finn du fleire av dei høgaste toppane i Rogaland, den kjende lakseelva Suldalslågen, vidder der du får landskapet heilt for deg sjølv, ei rekke idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Velkommen!
I Suldal kan du besøke langs Noregs største damanlegg, flyta nedover Suldalslågen i tørrdrakt i møte med Salmo Suldal, bli med på omsyning på frukt- og vingard, utforske bortgøymde fjordar, pusta inn frisk fjelluft på ein fjelltopp og læra meir om tradisjonell og moderne arkitektur. Under kan du sjå nokre av våre favorittar!
I Suldal møtest natur, kultur og arkitektur på spennande vis, og fem fjordar, høge fjelltoppar, ei av vestlandets strørste lakseelver, levande musumstun, prisvinande design og yrande grendeliv gjer at du har mykje å velja mellom. Om vinteren kan du stå i slalompakken eller prøve deg på over 70 km med oppmerka løyper.
Mellom høge fjell og djupe fjordar, spegelblanke vatn og frodige åssider, finn du gardar, opplevingar og produkt som byggjer på tradisjonar, lidenskap og formidlingsglede. Me kallar det matskattar frå Suldal.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.