Foto: Innovasjon Norge

Kva er eit berekraftig reisemål?

Innovasjon Norge lanserte i mars 2013 ei merkeordning for berekraftige reisemål, som er godkjent av det internasjonale organet Global Sustainable Tourism Council (GSTC). Denne merkeordninga skal fungere som eit verktøy for destinasjonar som ønskjer å systematisere arbeidet med berekraft på eit reisemål ved å kartlegge ei rekke ulike kriterium som har fokus på miljø, sosiale forhold og økonomisk berekraft. Standarden dekker totalt fem område: forankring i kommune, forankring i reiseliv, bevaring av natur, kultur og miljø, styrking av sosiale verdiar og økonomisk levedyktigheit. Målet er å sikre langsiktig arbeid for eit meir berekraftig reiseliv der ein tek vare på behova til menneske som lev i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonar sine moglegheiter for å dekke sine behov. Prosessen med å merke seg eigast lokalt eller regionalt av eit reisemål eller destinasjonsselskap, og Suldal kommune fekk merket i 2020. Å vera merka som eit berekraftig reisemål vil ikkje seie at staden er berekraftig, men at ein prioriterer målet om økt berekraft og at ein kan vise til forbetring over tid.

10 prinsipp for eit mer berekraftig reiseliv

Standarden for berekraftige reisemål byggjer på dei 10 prinsippa for berekraftig reiseliv, der ei rekke ulike kriterium og indikatorar skal leverast. Standarden er utvikla etter ein prosess med innspel frå reisemåla, Innovasjon Norge sitt fagråd for merkeordninga og frå det internasjonale godkjenningsorganet Global Sustainable Tourism Council. Fleire av FN sine berekraftsmål inngår også her.

  1. Kulturell rikdom
  2. Landskapet sin fysiske og visuelle integritet
  3. Biologisk mangfald
  4. Reint miljø og ressurseffektivitet
  5. Lokal livskvalitet og sosiale verdiar
  6. Lokal kontroll og engasjement
  7. Jobbkvalitet for tilsette i reiselivet
  8. Gjestetilfredsheit, tryggleik og opplevingskvalitet
  9. Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsdestinasjonar gjennom lokal verdiskaping.
  10. Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter

Les meir om standarden her.

På kva måte gjer ordninga Suldal til eit meir berekraftige reisemål?

For å bli merka har Suldal, som andre reisemål, gått gjennom ein omfattande prosess på to år der til saman 104 indikatorar skal dokumenterast. Gjennom dette arbeidet har reisemålet satt fokus på, konkretisert og starta nye prosessar som legg til rette for berekraftig utvikling. I tillegg får reisemålet tilgong på ein database og verktøy som ein kan nytte seg av i berekraftsarbeidet. Kvart år skal reisemålet sende inn ein årsrapport på berekraftsarbeidet. Ein kan bli re-merka kvart tredje år, og som ein del av denne prosessen må ein vise til konkrete resultat og betring innanfor berekraftsarbeidet ved reisemålet eller destinasjonen.

Kva reisemål er merka?

På Visit Norway sine sider her kan du lese meirdei ulike destinasjonane og reisemåla som er merka som berekraftige reisemål.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Berekraft