Noreg har, som einaste landet i Europa, ei levedyktig bestand av villrein. I dag finst det totalt 23 område i landet med villrein, der eitt av desse er fjellområdet kalla Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR). Suldalsheiane med «Dyraheio» inngår som ein del av dette fjellområdet, og blir mest nytta som vinterbeite. Om våren trekker dyra oftast austover mot kvalingsområda, men dei kjem tilbake i sommarmånadane.
Allmannsretten gir alle rett til å ferdast i fjellet, også under jakta. Det er likevel eit knippe gode hugsereglar ein kan ta med seg for å sikre gode opplevingar som turgåar og bidra til vernet om villreinstamma. Her er hugsereglane:
· Følg stien. Det er det beste for dyr og planter.
· Hald hunden din i band og følg reglar for bandtvang.
· Stopp dersom du ser villreinen og la dei passere i fred.
· Hald avstand og gå i le. Villreinen har god luktesans.
· Kle deg i signalfargar/sterke fargar i jaktsesongen.
Menneske har jakta på villrein i mange tusen år, og er i dag ein viktig del av kulturarva vår. Jakta er også den viktigaste bestandregulerande faktoren i villreinområda. I Suldalsheiane startar jakta den 20. august kvart år og held fram til 30. september.
For å jakte på villrein må ein ha bestått jegerprøva, kjøpe jaktkort hjå den aktuelle grunneigaren og betale den årlege jaktavgifta. Ein må også lese seg opp på nasjonale og lokale reguleringar og føringar.
Det finst fleire kjelder til god informasjon om villreinen. Her er nokre av dei:
· SVR.no