Bading frå kaia © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Jenter som hoppar frå kaia
Hellandsnuten © Skattkammeret Suldal. Foto: Ragnhild Solbakken.
Menneske på fjelltopp

5 kort-feriar i Suldal

Arkitektur
Fiske
Kunst & handverk
Overnatting
Vandring
Sykkel

Suldal ligg i hjarta av sørlege Fjord-Noreg og er eit godt alternativ til den som ynskjer å utforske regionen samtidig som ein er tett på naturen. Her får ein personlege møte og gode opplevingar, fjelltoppar og fjellvatn heilt for seg sjølv, prisvinnande arkitektur og Nord-Europas største kraftutbygging, yrande bygdesentrum tett på fjorden, levande museumstun og sterke møte med villaksen.

Når kvelden kjem kan ein trekke seg tilbake på våre familieeigde hotell eller tradisjonelle gardstun der ein kan velge utsikt frå øvste hylle, anten ein er ute etter stille vatn, hoppande fisk, ruvande fjelltoppar eller fjordlandskap og bygdeliv.

Slow-ferie 1: Prisvinnande kokkelering i frisk fjelluft

I Suldalsheiane finn du ei rekke flotte turisthytter som ligg under Stavanger Turistforening. Kronjuvelen er Stranddalen Turisthytte som er bemanna i sommarsesongen. Her får du servert rykande fersk heimelaga mat i den koselege stua saman med andre turgåarar. Fleire gonger i veka har dei komle på menyen, og dei inviterer også ulike gjestekokkar gjennom sesogngen som er ekspertar på alt frå vilt til Ryfylkemat. Kva med å starte turved turisthytta på Sandsa, fortsette til Stranddalen og gå ned via Mostøl? Langs ruta er det flotte bade-og fiskeplassar. Avslutt turen med shopping i Sand sentrum og ein kveld i vedfyrt stamp ved Vikane Hyttetun eller Mo Laksegard.

Psst! Gjennom nutfant-konseptet kan ein få med seg 6 av dei flottaste toppane i Suldal!

Slow-ferie 2: Eit kulinarisk e-eventyr

Suldal er eit eldorado for sykkelproffen, samt familien som ynskjer å prøve seg på ein aktiv ferie! Her har me vegar som snor seg gjennom vill natur, tett på fossar, vatn og gode opplevingar. På Nesflaten får ein flotte utfordringar på gammal anleggsveg mellom Suldal og Røldal, langs Blåsjøvegen får ein storslått fjellnatur kombinert med ingeniørkunst frå Nord-Europas største kraftutbygging,ved Ropeidhalvøya kan ein utforske spor frå vikingtida, ved Sand og Suldalsosen kjem ein tett på bygde- og gardslivet.

Gjennom turkonseptet "Kulinarisk e-eventyr" kan du sykle gjennom variert natur og bygdelandskap med innlagte stopp der ein får flotte lokale og tradisjonsrike smaksopplevingar. Les meir under "Bli inspirert"!

Slow-ferie 3: Med fjorden som base

Sand sentrum er kommunesentrumet i Suldal og ligg idyllisk til tett på fjorden. Her har ein ei rekke ulike butikkar, koselege kafear og ulike aktivitetar og utsal frå Sand torg fleire gonger i månaden. Her sel dei også Jelsa jordbær i sesongen, som kanskje er dei beste jordbæra i heile Noreg? Med base på Sand har ein gåavstand til Laksestudio, turistkontoret, Nesasjøhuset med museum og utstilling, Kulturhuset i Suldal med bowling og kino, marina og flotte turopplevingar. Frå Hellandsnuten får ein utsikt over heile fem fjordar, og på gode dagar kan ein sjå heilt til Stavanger!

Frå Sand kan ein ta turen til Gullingen fjellområde med flotte turløyper 600 meter over havet, ein kan besøke Ryfylkes mest ivaretatte strandstad Jelsa, ein kan smake smørgraut på Kolbeinstveit og slå seg ned for dagen ved badestranda i Habn i Erfjord. Ein kan også ta flotte dagsturar som arkitekturrundturen Suldal-Røldal-Suldal, ein kan besøke isbreen i Jondal og ein kan prøve seg på Trolltunga og Preikestolen.

Slow-ferie 4: Tett på villaksen!

Suldal er eit perfekt utgangspunkt for gode opplevingar i vatn og i møte med villaksen. Slå deg til ro på ei flott gardshytte langs Suldalslågen der du kan sjå fisken hoppe frå vatnet om du er heldig. Ynskjer du å prøve deg på laksefisket i håp om å fange storlaksen kan du kontakte Mo Laksegard eller Opplev Suldal. Hjå Opplev Suldal kan du også skaffe deg det du treng av fiskeutstyr.

Vil du få kontakt med laksen på andre måtar kan du hive deg i tørrdrakt nedover Suldalslågen på Laksesafari eller i gummibåt med lokal guide frå Mo Laksegard. Ved Laksestudio i Sandsfossen kan du sjå laksen på veg opp elva etter mange år i havet gjennom eit glasvindauge, og du kan lære meir om historia til elva, laksen og kraftutbygginga i kommunen. Kombiner opplevinga med flotte matopplevingar, turar i variert terreng og bading frå badestanda ved Mosvatnet!

Slow-ferie 5: Kulturelle påfyll med historisk sus

Suldal har ei rik kulturhistorie som ein er stolt av, og som ein ynskjer å vise fram - og inga tid er betre til å utforske kulturtilbodet i Suldal som sommaren! Då opnar den levande museumsgarden Kolbeinstveit til live der ein kan smake rykande fersk smørgraut, kle seg ut i gamle klede og mate dyra. Ved Litunet får ein oppleve klyngetun på sitt beste med ei eineståande utsikt over Hylfjorden og ved Jelsa kyrkje kan ein utforska den handmåla stjernehimmelen i taket og høyre den spanande historia til kyrkjelyden på den mest idylliske staden i Rogaland. Kulturhuset i Suldal held ope med utstilling, i tillegg til kino og bowling, og på Nesasjøhuset kan borna leike seg i Kvitebjørnen-utstillinga. Her kan ein kle seg ut som ein konge og danse rundt i speglsalen.