Lise Bjelland
Fiskar med laks
Lise Bjelland
Lakseelv

Tett på laksen

Fiske
Kajakk
Foss/elv
Symjing

Suldalslågen er den største elva på vestlandet og strekk seg 22 km innover dalføret. Elva har vore grunn til stor strid mellom lokale bønder, byfolk og munkar gjennom tidene, og det var først når engelskmannen Archer kom til bygda og kjøpte opp fiskerettane for heile elva at fiske blei regulert til eit forsvarleg nivå slik av laksenbestanden fekk vekse seg sterk.

Elva er kjent for å ha god og stor laks, med rekordlaksen på 34 kg fanga i 1913. Den dag i dag er det årleg registrert laks fanga opp mot 20 kg.

Laksestudio

Start dagen med ein tur til Suldals største turistattraksjon: Laksestudio. Her kan ein sjå rett inn i eit av trinna på laksetrappa som hjelper laks opp Suldalsfossen før dei startar på si lange ferd innover elva. Få guiden til å vise deg litt rundt slik at du kan lære om den unike laksen og eins innverknad på Suldals historie.

Suldalslågen er ei sein lakseelv, og ein bør derfor besøke i perioden juli til september/oktober. Ein kan sjå aure i laksestudio noko tidligare.

Høsebrua

Frå Sandsfossen ser ein over til Høsebrua på andre sida av hølen. Dette er ei gangbru over Suldalslågen som blei satt opp i 2012. Frå andre sida kan ein spasere langt elva i fint terreng. Er du heldig kan du kanskje se laksen hoppe?

Ekstraskattar: Frå andre sida av Høsebrua finn ein eit populært turområde opp mot Fiskebergåsen som dei lokale ofte nyttar seg av. Når ein kjem fram kan ein finne ei bok ein kan skrive namnet sitt i!

Laksesafari

Mo Laksegard er ein gammal Suldalsgard som har slått seg opp som ein stor aktør i kommunen takka vera sitt fokus på unike og lokale opplevingar, noko som også har gjort at dei har fått besøk av fleire internasjonale tv-kanalar. Ein av dei mest minneverdige opplevingane dei kan tilby er laksesafari der ein flyt nedover elva i tørrdrakt medan ein speidar etter laksen på veg opp elva. Det er viktig å hugse på at du ikke fangar fisken på denne turen, du skal symje saman med den. Ei oppleving ein seint vil gløyme!

Laksesafari er for større grupper, men er du heldig kan det vera fleire mindre grupper som ynskjer seg ein tur samtidig som deg!

Ekstraskattar: Mo Laksegard har også ei rekke andre aktivitetar verdt å sjekke ut. Dei har to villmarksleirar, eige ølbryggeri og matservering for større grupper. Ta kontakt med dei for meir informasjon!

Elveosen Restaurant

Etter ein lang dag i fotspora til laksen kan det vera godt med eit måltid. Ved Ryfylke Fjordhotell på Sand tilbyr dei god og tradisjonell norsk mat i Elveosen Restaurant. Medan du et har du panoramautsikt til området der fjorden går over i Suldalslågen.

Ekstratips: Strandstaden Sand har ei rekke mindre butikkar. Me anbefaler ein tur innom torget for å sjå om det er nokre bodar som sel lokale varer. Ein bør også ta ein tur innom det historiske bygget Nesasjøhuset i Nordenden, hovudkontoret regionsmuseet til Ryfylkemuseet. Her har dei ulike utstillingar gjennom året.

Laksefiske

For den store lakseentusiasten er det også flotte moglegheiter for laksefiske i Suldalslågen. Dette er sterkt regulert, og det er viktig å sørge for at ein har nok kunnskap og alle fiskekort og forsikringar klare før ein starter fiske.

Mo Laksegard, Mo/Litlehaga/Berge, Førland III og Steine/Underbakke kan bli kontakta for fiskekort

.

Ekstratips: Ynskjer du å fiske, men ikkje gå gjennom alle formalitetane ein treng ved laksefiske? Fiske i fjorden er fritt for alle, og her treng ein ikkje fiskekort. Ein kan også fiske i fjellvatn med døgnkort som ein kan kjøpe på nett.