Dag Jenssen
Nesflaten, Suldal
Dag Jenssen
Høsebru at Sand

Eit krafteventyr

Arkitektur
Foss/elv
Fjell
Sykkel
Fiske
Vandring

Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Noreg. Krafteventyret starta i 1960 med utviklinga av Suldalsvatnet, før ein seinare lanserte Suldal-Røldal og Ulla-Førre kraftprosjekta. I dag har kommunen omtrent 8% av den samla kraftproduksjonen i landet. Eit besøk i Suldal er difor ikkje komplett utan eit innblikk inn i deira vasskrafthistorie.

Blåsjø

Start dagen med ein tur inn til Blåsjø. Dammen er Noregs største energimagasin og blir haldt på plass av 11 små og store dammar. Ved høgste regulerte vasstand dekker Blåsjø eit område på over 82 km2. Storvassdammen, Oddatjørndammen og Førrevassdammen er blant de største dammane som tilhøyrar Bjåsjømagasinet.. Storvassdammen er Norges største fyllingsdam, Oddatjørndammen er den høgste fyllingsdammen i Norge, mens Førrevassdammen er Norges største betongdam.

For å komme til Blåsjø må du ta av frå Rv13, og køyre opp til Gullingen og vidare inn over fjellet. Vegen er som regel open mellom juli og oktober, men blir stengd når snøen legg seg.

Ekstraskattar: Blåsjø er også godt egna for sykkelturar innover fjellet på fine vegar. Ein kan også ta seg ein tur innom resturanten på Gullingen dersom svolten meld seg etter ein føremiddag i frisk luft.

Ynskjer ein å sjå større deler av det flotte fjellandskapet kan ein ta seg ein tur til turisthytta Standdalen. Turen hit starter frå den historiske brakkeleiren for nokre arbeiderane under Ulla-Førre utbygginga med namn Øvre Moen.

Kraftarkitektur på Nesflaten

Nesflaten er ei lita bygd med omtrent 80 husstandar i Suldal, med rik historie. Nesflaten ligg på nordsida av Sudalsvatnet med Rv 13 mellom Sand og Røldal bak seg. Bygda er eit av dei best bevarte eksempla me har på funksjonalistisk stil i Noreg.

På Nesflaten ligg administrasjonen av Hydro sitt Røldal-Suldal anlegg, som ble bygd på 1960-talet. Arkitekt Geir Grung teikna kraftanlegget, og byggefeltet som ble bygd i samanheng med kraftutbygginga, i funkisstil. Området er et av de finaste og best bevarte eksempel på funksjonalistisk stil i Norge.

På Nesflaten ligger også Energihotellet, design-hotellet i Fjord Norge. Eit spennande hotell med en interessant historie bak kombinasjonen av betong og bærekraftige energiløysingar. Vell verdt eit besøk!

Ekstraskattar: I sommarsesongen kan ein bestille lunsj ved Energihotellet med fantastisk utsikt utover Suldalsvatnet laga på lokale matvarer. Det kan vera lurt å bestille dagen føre!

Hylen

På vegen frå Nesflaten til Suldal passerer ein Hylen som er det siste kraftverket av tre som nyttar seg av vatnet frå Blåsjømagasinet. Verket utnyttar eit fall på 68,5 meter frå Suldalsvatnet til havnivå i Hylsfjorden. Portalbygget til kraftstasjonen er teikna av Egil Sorteberg, og har eit smalt tårn med gluggar som er meint til å bruke som skyteskår i ein krigssituasjon.

Ein kan ikkje besøke kraftstasjonen i dag, men det er eit flott stopp på reisa.

Ekstraskattar: Frå Hylen kan ta turen opp til Hylsskardet som er eit søkk i fjellet mellom Hylen og Våge. Her får ein flott utsikt over Suldalsvatnet. I Hylen kan ein også fiske i fjorden frå kaien.

På vegen nedover mot Sand kan ein også stoppe på museumsgarden Kolbeintveit som kan gi ein eit innblikk i kommunens rike gardstradisjon. Garden ligg like ved vegen.

Sandsfossen og laksestudio

Sandsfossen markerer slutten av Suldalslågen, ei god lakseelv som går gjennom større delar av Suldal kommune. Elva var grunn til stor usemje under utbygga då denne, i tillegg til Suldalsvatnet, blei og fortsatt blir regulert som eit resultat av kraftutbygginga. Usemja gjekk på kor mykje vatn som skulle sleppast ned frå dammen og i elva, og det blei gjort ei rekke forskingsprosjekt på kva effekt vassføringa hadde på fisken. Konklusjonen var at det skulle vera høg vassføring vår og haust for å reinske elvebotn og på grunn av smoltgang. Om sommaren var det best å ha varierande vassføring. I laksestudio ved Sandsfossen kan ein sjå aure og laks på veg opp elva for å gyte frå juli til september/oktober, og ein kan lære meir om korleis menneske og natur jobbar på lag for å legge til rette for at Suldalslaksen skal fortsette å nytte seg av elva.

Ekstraskattar: Frå Sandsfossen ser ein over til Høsebrua på andre sida av hølen. Dette er ei gangbru over Suldalslågen som blei satt opp i 2012. Frå andre sida kan ein spasere langt elva i fint terreng.