Statens Vegvesen
Venterommet at Ropeid
Statens Vegvesen
Svandalsfossen

Arkitektonisk rundtur

Arkitektur
Næring
Foss/elv
Fjell
Nasjonal Turistveg Ryfylke

Opplev historisk og moderne arkitektur i verdsklasse på denne rundturen i spektakulært landskap gjennom høgfjell og over fjordar, elver og vatn i Suldal, Sauda og Røldal. Ruta har det beste samlinga av arkitektoniske verk i Fjord Noreg og er det einaste Nasjonale Turistvegen som presenterer våde moderne og historisk arkitektur i eit dagsturformat. Høgdepunkt på turen inkluderer Almannajuvet i Sauda av Peter Zumthor og Geir Gruns kraftarkitektur på Nesflaten i samband med Røldal-Suldal kraftutbygginga.

 

Ruta har også fleire perler det er verdt å få med seg som Høsebru, Venterommet på Ropeid og Røldal Stavkyrkje frå 1200-talet. Ein kan også ta seg turen innom tradisjonelle gardsbygg på museumgarden Kolbeinstveit frå 1800-talet eller dykke inn i industriarbeidarhistoria frå 1920-talet med ein tur innom arbeidarstaden i Sauda.

 

Total køyretid er 2,5-3 timar, og ekskluderer tida du bruker på eventuelle stopp langs vegen. Hugs også at vegen Sauda-Røldal er stengd i vintersesongen grunna snø. I denne perioden kan ein ta vegen til Røldal via Nesflaten.

Her er kva du må få med deg på turen:

Strandstaden Sand

Standstaden Sand er eit koseleg bygdesentrum rik på historie. Her kan ein ta ein tur innom Fargeriet Kafe eller Elveosen Restaurant, vandre i butikkane eller ta ein tur innom museet i Nordenden. Dette er hovudkontoret for Ryfylkemuseet, og dei har skiftande utstillingar i lokalet i tillegg til ein museumsbutikk med lokale varer og bøker.

Ekstraskattar: Like ved Ryfylkemuseets hovudkvarter som går under namnet Nesasjøhuset finn ein badestranda på Sand. Her kan ein ta seg ein liten dukkert om temperaturane tillèt det. Dei tøffaste suldølane badar her frå påsketider!

Ynskjer du fleire butikkar? På Gardaneset finn ein eit butikksenter med mellom anna blomster- og gåvebutikk, monter, frisør, bok- og IT-butikk, restaurant og meir.

Laksestudio og Høsebrua

Laksestudio er Suldals største turistattraksjon. Her kan ein sjå Salmo Suldal på veg frå fjorden opp i den 22 km lange Suldalslågen for å gyte. Guiden og informasjonen i studio kan fortelje deg om den imponerande historia til laksen, elva og Noregs største kraftverksutbygging som denne elva er ein del av.

På andre sida av hølen som ligg ovanfor laksestudio finn ein også Høsebru. Brua kom opp i 2012, og er teikna av Rintala Eggertsson Architects. Brua har vunne internasjonale prisar for sitt unike design.

NB! Suldalslågen er ei sein lakseelv, og ein kan berre sjå laks frå juli til september/oktober. Aure kan ein finne noko tidlegare.

Ekstraskattar: På andre sida av Høsebrua ligg det ein flott tursti som tek deg oppover elva.

Ynskjer du ein liten luftetur på vegen er dette eit perfekt alternativ. Suldal turistinformasjon ligg også eit steinkast unna Laksestudio, på andre sida av vegen på veg mot Sand sentrum. Her kan vertskapet i sommarsesongen gi deg lokale tips og informasjon om opplevingar du må få med deg. Om vinterhalvåret ligg turistinformasjonen på butikksenteret på Gardaneset, ein 5-minutters køyretur unna.

Utsikt over Lovrafjorden

På veg utover Rv 13 mot Stavanger, før ei køyrer i retning Sauda, vil ein få fantastisk utsikt over Lovrafjorden. Sørg for at du tek deg ein liten stopp for nokre bilde og litt frisk luft!

Ekstratips: For dei som har meir tid er ein avstikkar til idylliske Jelsa vel verdt turen. Denne staden blei kåra til den mest ydylliske staden i Rogaland av NRK Lokalen-lytterane i 2008, og det er ikkje utan grunn. Den litle bygda er sett saman av rik kultur, flott landskap og små butikkar. Her kan ein ta turen innom den handmåla kyrkja Jelsa kyrkje, ein kan kjøpe regionens beste jordbær og ungane kan leike seg i standkanten. Hugs å sjekke Ryfylkemuseets opningstider ved Jelsa kyrkje dersom du ynskjer ein guida tur.

Venterommet, Ropeid

Ein fem-minutters avstikkar frå krysset der vegen skil seg mellom Sauda, Suldal og Haugesund finn ein Ropeid kai. Venterommet ved Ropeid ferjekai er en del av arkitekturen på Nasjonal Turistveg Ryfylke. Bygget har store glasflater som gir nærhet til både fjorden og fjellveggen. Jensen og Skodvin arkitektkontor har tegnet bygget.

Ferjetrafikken over fjorden, Sand- Ropeid, blei avvikla i 2016, men det er framleis ein rutebåt som trafikkerer Stavanger - Sand - Sauda.

Ekstraskattar: På veg inn mot Sauda finn du Husmannsplassen Hustveit. Eit flott historisk tun som er verdt turen! Sjekk med Ryfylkemuseet kva åpningstider dei har, og kanskje sikrar du deg ein guida tur!

Allmannajuvet

I Allmannajuvet i Sauda ved Fv. 520 er det opna eit anlegg teikna av den kjente sveitsiske arkitekten Peter Zumthor. Anlegget består av parkering med servicebygg, cafe og museum med formidling og opplevelse av gruvehistorien.

Industristaden Sauda

Sauda markerer enden av fjorden som snor seg innover Ryfylke, og har ved sine over XX innbyggarar sikra seg by status. Byen er prega av industriell arkitektur som kjem av ein følge av smelteverket som blei satt opp i Sauda fra 1920-tallet. Den dag i dag er fabrikken open, og husstandane i sentrum ber preg av denne tida.

Ekstraskattar: I Sauda kan du oppleve livet i sentrum, ta turen innom ein kafe og ein kan besøke Industriarbeidarmuseet til Ryfylkemuseet.

Saudafjellet til Røldal

Frå Allmannajuvet kan ein fortsette vidare i slynger over Saudafjellet til Røldal. Fjellovergangen har eit skiftande og dramatisk landskap opp mot 900 m.o.h. Den smale vegen er fra 1960 og er bygd av lokale anleggsarbeidere med amerikansk kapital. Hils på geitene og se Røldal stavkyrkje! Fjellovergangen (Fv. 520) i nord er vinterstengt mellom Hellandsbygd (fra påske: Breiborg) og Røldal.

NB! På vinteren kan det komme snø opp til 5-6 meter. Vinterstid må du derfor nytte Rv. 13 langs Suldalslågen, Suldalsvatnet og Brattlandsdalen for strekninga Sand – Røldal.

Flesånå

På vegen ned Brattlandsdalen anbefalar me ein stopp ved Flesånå, ein dominerande og storslått foss som renn ned redd ved RV 13. Framføre fossen er det ein flott rasteplass.

Nesflaten

Stopp på Nesflaten og sjå spennande kraftarkitektur! Den kjente arkitekten Geir Grung teikna på 60-tallet kraftstasjon, bustader og Energihotellet i funksjonalistisk stil i samanheng med kraftutbygginga i Røldal-Suldal kraft. Området er eit av de finaste og best bevarte eksempla på funksjonalistisk stil i Norge. Overnatt gjerne på Energihotellet.

Ekstraskatt: Dersom det rumlar ekstra godt i magen er det moglegheiter for lunsj og middag på Energihotellet med panoramautsikt over Suldalsvatnet. Me anbefaler å kontakte vertskapet i forkant med bestilling. Med fiskekort kan ein også fiske i vatnet.

Kolbeinstveit

På vegen frå Nesflaten til Suldalsosen kjem ein forbi Kolbeinstveit, som er eit flott gardstun frå 1850-talet. Her finn ein også Rogalands eldste trebygning; Guggedalsloftet. Om sommaren har tunet vertskap og dyr, og barn og vaksne kan få omvising i bustaden og i gardslivet. I denne perioden tilbyr dei også matservering, med moglegheiter for å nye tradisjonsrik smørgaut og «suldalsbete» med utsikt til fossen på andre sida av Suldalsvatnet. Kven vinn hesteskokastinga på tunet?

Ekstraskattar: På veg nedover dalen finn ein også Litunet via ein avstikkar. Dette er eit flott kyngetun frå 17-1800 talet, som kan nytast til flott utsikt. I sommarsesongen er det vertskap på museet. Hugs å sjekk opningstider hjå Ryfylkemuseet!