Lise Bjelland
Trebåt som ligg ved kai
Lise Bjelland
Menneske på badestrand

Tett på vatnet

Fiske
Symjing
Vandring
Kajakk

Med fem fjordar, Vestlandet største lakseelv, ei rekke elver og fjellvatn, fossar og Noregs største vassreservoir har Suldal mykje å tilby tett på det våte element.

Hopp uti.

Er du modig nok til å hoppe uti? Me har ei rekke gode badestrender med Nordenden på Sand, badestanda på Jelsa, Habn i Erfjord og Mosvatnet på Gullingen. Dei tøffaste av oss badar ute frå påsketider!

Kom tett på elementa frå sjøkajakk.

Opplev Suldal og Ryfylke på ein heilt ny måte! I ein sjøkajakk får du sett fjorden og fjella i eit heilt nytt perspektiv, og du kjem tett på dei ulike elementa. Padleakademiet tilbyr guida turar frå nybegynnarar og oppover.

Elveekspedisjon.

Ta med deg familie og vener på ei spennande ferd nedover Suldallågen i gummibåt, medan ein blir fortalt både nye og gamle historier frå livet i og ved elva. Halvvegs blir det ein stopp ved elvebreidda for eit lett måltid. Kontakt Mo Laksegard for booking.

Padle kano til ei aude øy.

Nyt ein roleg dag ved å legge ut på kanotur frå Vikane Hyttetun på Suldalsvatnet eller frå Gullingen Turistsenter på Mosvatnet. Kanskje finn du ei lita øy heilt for deg sjølv dei du kan slå camp?

Suldal Bad.

I 2019 opnar Suldal Bad ved Eide, Sand. Anlegget består av innandørs og utandørs badebasseng med utsikt mot fjorden, samt sklier og boblebad. Legg deg ned i det oppvarma vatnet etter ein lengre fjelltur.

Utandørs stamp.

La det varme vatnet verne om deg med den friske Suldalslufta kitlar i kinna. Den perfekte slutten på ein aktiv dag! Stamp finn du hjå Vikane Hyttetun og Mo Laksegard.

Livet i båthamna.

Våren kjem tidleg til Suldal og tilbyr ei rekke gode moglegheiter for båtturistar med sine fem fjordar og mangfald av øyer. Barkaneset og Skaholmen/Berge i Økstafjorden og gjestehamnene i Erfjord, Jelsa, Marvik, Vatlandslåg og Sand er gode stader å legge til kai.