Lise Bjelland
Outdoor dining

Ei kulinarisk reise

Serveringsstad

Kraftkommunen Suldal er rik på råvarer, og har lenge vore kjend for ein av dei største lakseartane i Noreg: Salmo Suldal. Dette er likevel berre starten på mateventyret Suldal. Her får ein inspirasjon til nokre matopplevingar det er verdt å sikre seg dersom ein er på tur i kommunen.

Frukost på Standdalshytta

Den beste frukosten får ein i frisk fjelluft. Dersom ein overnattar på Stranddalshytta, ein av dei flottaste områda i Dyraheio Landsskapsområde, vil vertskapet lage klar rykande fersk frukost kvar morgon. Utanom sesong kan ein kjøpe med seg Suldalsskinke og Mikals Laks på butikken, og lage seg eit herremåltid på eiga hand.

Bærplukking i fjellet

Noregs natur byr på sitt eige spisskammers. På turane rundt i Suldal vil ein få rikeleg med blåbær, tyttebær, kantarell og molte. Plukk dei til bøtta eller prøvesmak undervegs!

Guida tur til Tørkeloftet på Mostøl

Suldalsskina er kjend langt utover Suldals grenser, og er kanskje noko av det beste ein kan finne av norsk kjøthandverk. Skinka er lufttørka 640 meter over havet blant osp og furu attmed Suldalsvatnet mellom høgfjellet og fjorden. Her heng den i minimum 15 månadar. Energihotellet arrangerer guida turar til loftet på bestilling.

Komlemiddag på Ryfylkemuseet eller Kulp

Komletorsdag er ein viktig tradisjon over større deler av vestlandet, og Suldal er ikkje eit unntak. Kvar torsdag samlest Suldølen på ein av deira lokale kafear på Sand, Fargeriet eller Kulp, for ein nydelig porsjon heimelaga komle med salt kjøt, bacon og kålrabistappe. Er ein ikkje ein komle-fan har dei også andre rettar dei tilbyr. Ein kan også ta turen innom Brunsj på kulturhuset.

Ekstraskattar: Den aller beste komla får ein på tur! I sommarsesongen får ein på utvalde dagar trerettars med komlemiddag på Stranddalen. Eit fantastisk måltid!

Lunsjtallerken og smørgraut

I sommarsesongen har ein gleda av å nyte ekte tradisjonskost i historiske lokale. På tunet frå 1850-talet kan ein bestille lunsjtallerken med lokal laks og skinke eller ein rykande fersk smørgraut. Er ein heldig kjem ein kanskje til dekka bord i finstova?

Ekstraskattar: Kolbeinstveit er eit supert alternativ for heile familien. Ungane kan møte dyra eller ta del i dei ulike leikene og aktivitetane på garden, medan dei vaksne får ein guida tur rundt på tunet og ei innføring i stadens historie.

Ølbryggeri på Mo Laksegard

På Mo Laksegard kan ein få seg skikkeleg gardsøl då dei har sitt egne ølbryggeri i kjellaren av hovudhuset. Vertskapet på garden tilbyr omvising av bryggjeriet og godt med smaksprøvar.

NB! Bryggjeriet er ope for større grupper. Hugs derfor å kontakte garden på førehand.

Ekstraskattar: Mo Laksegard tilbyr også ein rekke andre aktivitetar basert ut frå garden, som mellom anna Villmarkscamp, Laksesafari og Elverafting. Det er også ei flott turløype som går i landskapet bak garden.