På sykkelryggen © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
To på sykkel
Gardstunet Vikane Hyttetun © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Vikane Hyttetun

Eit kulinarisk e-eventyr

Fiske
Foss/elv
Nasjonal Turistveg Ryfylke
Sykkel
Overnatting
Serveringsstad
Vandring

Eit roleg tredagars eventyr på e-sykkel med besøk til laksegardar, gardsbryggeri, hyttetun med stamp ved Suldalsvatnet og 3-rettars middag på vasskraftshotell.

Kom tett på den ville naturen, gardssamfunna og fjordbygdene på ein e-sykkel, som hjelp deg med eit ekstra push opp dei tøffaste bakkane. E-eventyret startar ved foten til fjell-Noreg i bygda Nesflaten, og tek deg på smale og sniklete vegar nedover dalen mellom fjelltoppar, fossar og gardsbruk til standstaden Sand.

Stopp på ruta inkluderer ei overnatting på eit designhotell med 3-rettars middag, ei overnatting på ein laksegard med Vestlandets mest vassrike elv, og ein kveld ved eit familieeigd hyttetun ved Suldalsvatnet. Her får du smale lokalmat, du får besøke eit gardsbryggeri med smaksprøvar og ein av kveldane vil du få moglegheita til å synke ned i ein oppvarma stamp ved utsikt over vatnet.

Ruta er ein del av Nasjonale Turistvegar, og det er mange gode område for vandring, fiske, symjing og museumsbesøk langs ruta.

Anbefalt program:

Leige av e-sykkel.

Ei overnatting på Energihotellet med frukost og 3-rettars middag.

Ei overnatting på Vikane Hyttetun med middag, vedfyrt stamp og frukost.

Ei natt ved Mo Laksegard med 2-rettars middag, besøk til gardsbryggeriet og frukost.

Avslappande dagar der dei gode opplevingane er i høgsetet.

Verdt å veta:

E-tur eventyret er utan guide. Du kan difor nyte turen i ro og fred der du bestemmer farten.

Det er fleire tunnellar på ruta. Køyr forsiktig og ha med deg lys og naudsynt utstyr.

Me kan vera til hjelp med å arrangere transport til og frå starten og slutten på rute til ein ekstra kostnad.

Ynskjer ein å legge til ein tur i fjellet er dagstur eller overnatting ved turisthytta i Stranddalen er fantastisk oppleving. Torsdagar i sommarsesongen serverer dei komle i frisk fjelluft.

Turen kan bli tilpassa dine ynskje og behov.