Solnedgang © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Mann og telt i solnedgang
Solnedgang © Skattkammeret Suldal. Foto: Marius Vervik.
Strandalen med menneske

Fjellerobraren

Vandring
Serveringsstad
Overnatting
Fjell
Fiske
Symjing
Sykkel
Foss/elv

Med 5 av Rogalands høgaste toppar, ei rekke flotte turisthytter og rik flora er Suldal eit perfekt val for fjellfararen som ynskjer å ha vidda for seg sjølv. I denne firedagarspakken får du utforske både vidda og fjordlandskapet som Suldal er så kjend for, før du lar dei såre beina slappe av med eit varmt bad siste dagen.

Den aktive ferien startar i høgfjellet ved Sandsaosen, der ein går langs Sandsavatnet inn til Sandsahytta. Her gjer de klart til middag og nyt stillheita og den friske fjellufta. Neste morgon fortset de via Svinstølvatnet og Fagerstøl til Stranddalen. Stranddalen blir ofte kalla «Perla av Ryfylkeheiane» med betjening i sommarsesongen. Nyt tre-rettars middag saman med dei andre i hytta og la kvelden senke seg. Neste dag tek de tilbake til Sandsaosen før de køyrer ned til fjordbygda Sand. Her legg de inn på Ryfylke Fjordhotel med utsikt over høge fjell, fjorden og båthamna. De får servert husets to-rettars, og kanskje tek de ein kopp te eller noko friskt ved deira uterestaurant ved Elveosen før kvelden seinkar seg?

Stå opp tidleg for å gå til Stegåsen turområde, like ved Joagarden Barnehage på Eide, berre ein 20 minuttars gåtur frå Sand sentrum. Herifrå følgjer de merka løype opp til høvdingen av Sandsfjella: Hellandsnuten. Turen er krevjande, men vinsten får de når de kjem på toppen: Ei fantastisk utsikt over dei fem fjordane i nærleiken! På fine dagar kan ein også skimte Stavanger i det fjerne. Når ein kjem tilbake til bygda tek de ein tur til Suldal Bad eller ein av våre tradisjonsrike gardars vedfyrte stamp for ei vel fortent avslapping og avkopling eller flotte naturopplevingar. Mo Laksegard og Vikane Hyttetun kan også tilby god og tradisjonsrik middag på bestilling.

Suldal har ei rekke flotte fjellturar og naturopplevingar utover dei som er nemnd i dette programmet. Ynskjer du ein lengre tur anbefaler me å legge til fleire nutar eller turisthytter. Inspirasjon finn du under sidene våre «Vandring». Områda er også flotte for fiske (hugs å kjøpe fiskekort for det vatnet du vil fiske i!) og sykkelturar.

Anbefalt program:

Ei overnatting ved Sandsa Turisthytte.

Ei overnatting ved Stranddalen Turisthytte med middag og frukost.

To overnattingar ved Ryfylke Fjordhotel med to-rettars middag og frukost.

Dagspass på Suldal Bad eller leige av vedfyrt stamp på Mo Laksegard eller Vikane Hyttetun. Legg gjerne til middag.

Avslappande dagar der dei gode opplevingane er i høgsetet.

Verdt å veta:

Me kan vera til hjelp med å arrangera transport til og frå starten og slutten på ruta til ein ekstra kostnad.

Sandsahytta er ubetjent så her må de pakke mat og drikke sjølv. Les deg opp på Stavanger Turistforeining sine nettsider.

Stranddalen er flott både sommar og vinter.  Om vinteren er hytte ubetjent og ein må ta seg fram på ski. I sommarsesongen vil vertskapet stå for matserveringa. Hugs å bestille via deira nettsider.

Hellandsnuten er ein krevjande tur, men passar for heile familien dersom ein er vant til å gå i fjellet.

Turen kan bli tilpassa ynskje og behov.