Ta turen med båt innover Ryfylkebassenget der du heilt sør i Suldal kjem Foldøy, som ligg og voktar over ferdselen vidare innover fjordsystemet mellom dei historiske grendene Hebnes og Jelsa. Herifrå startar du med ein tur innover Jelsafjorden og Erfjorden med mange flotte vågar, holmar og skjær der Barkaneset, Skardsholmane og badestranda Habn er vel verdt eit stopp! Frå Foreneset tilbyr Fjord Expedition guida padleturar inn Økstrafjorden og Aktiv Fuglestein tilbyr SUP-turar. Kanskje bestiller du eit besøk til eplegarden vår Fuglestein Fruktgard med over 17,000 epletre og fleire herlege epleprodukt som dei har blitt kjend for i heile regionen.
Etter ein liten sightseeing tek du turen inn til Jelsa, som er den best bevarte strandstaden i Ryfylke! Ta ein spasertur gjennom sentrum med flotte, historiske trehus. Finn QR-punkta og ta den kulturhistoriske ruta gjennom staden for å læra meir om i historia. I sommarsesongen held Jelsa kyrkje og skulehuset der ope faste dagar (Sjå "Kva skjer"), og utanom sesong kan grupper bestille omsyning via Jelsa Hotell. Jelsa Hotell ligg flott til i kort gåavstand frå sentrum og tilbyr lunsj og middag på bestilling. Om sommaren kan du få Jelsa Jordbær frå nærbutikken, som har fått rykte på seg til å vera verdas beste jordnær!
Etter ein lang dag på fjorden kan du legge deg til i ein av dei mange gjestehamnene i området (sjekk oversikt under "Mat & Overnatting") eller ta deg ei natt på Jelsa Hotell.
Neste dag tek du den korte turen over fjorden til grenda Hebnes. Grunna sin strategiske plassering var dette heimstaden til den største høvdingen i Ryfylke på 1200-talet, Torstein av Heimnes, som også var avgjerande i slaget som avslutta 100 år med borgarkrig i Noreg. Minnesmerket etter Torstein møter deg på kaien i det du kjem i land. Frå Hebnes kan du ta turen til det som er Rogaland sin første vingard: Midtsommar, der du får omsyning og vinsmaking. Hugs å bestille!
Vidare går turen til bukta Vatlandsvåg, der dei har eigen butikk med utleige av SUP-brett, fiskarutstyr og elsyklar. Kanskje ønskjer de å leige syklar for å utforske øya, ta den flotte turen opp til Grytenuten eller ta den kulturhistoriske løypa rundt Grytevatnet for å læra meir om den rike historia til øya.
Vatlandsvåg har eiga gjestehamn, men du kan også ta turen inn til kommunesenteret Sand som også har gjestehamn. Suldal Hotell og Ryfylke fjordhotell ligg også med nærleik til fjorden. Hugs å ta ein avstikkar inn Lovrafjorden på vegen for å ta inn synet av den ikoniske hytta på den vesle øya der inne.
I kommunesenteret Sand kan du spasere gjennom strandstaden med kvite trehus som ligg tett i tett med vasskanten. Her finn du ulike nisjebutikkar, kafear, museum og kulturhus. I kort gåavstand frå sentrum finn du Noregs første laksestudio der du i sesong kan sjå villaksen som har starta si ferd opp Suldalslågen. Du kan også ta turen til badelandet Suldal Bad eller til dei mange flotte turnettverka i området. Frå Hellandsnuten får du utsikt over fem fjordar!
Den siste dagen på denne kortturen tek du båten vidare innover Hylsfjorden, som ligg heilt nordaust i fjordsystemet i Ryfylke. Fjorden utgjorde i mange år ei av dei viktigaste ferdselsårene mellom aust og vest i landet, og var også ei populær pilegrimsrute opp mot stavkyrkja i Røldal.
På turen passerer du bygda Vanvik på vestsida av fjorden. Ta gjerne ein stopp her for å utforske den sjarmerande bygda og den flotte badeplassen Sandvikjå. Du kan også ta ein tur innom gardsutsalet til Fattnes Vestre der dei har eige bakstehus!
Vidare innover fjorden må du hugse å sjå opp, der du kan få auge på Litunet museumsgard som ligg til Ryfylkemuseet. Dette er eit av dei mest verneverdige tuna i vår region, og daterer tilbake til 1700-talet. Grupper kan ta kontakt med Ryfylkemuseet for bestilling, og det er også ope for enkeltbesøkjande i sommarsesongen. Vidare passerer ein den flotte fossen Lingvongfossen.
Heilt inst i fjorden kjem ein til Hylen. Historisk gjekk bygda under namnet "Sølvkannestranda", noko som seier litt om kva rikdom som var i denne grenda grunna den store trafikken mellom aust og vest som gjekk her. I Hylen finn du også den Hylen kraftstasjon, som er ein del av Nord Europa si største kraftutbygging: Ulla Førre. Frå Hylen kan du ta turen over Hylsskardet, der du i Våge kan bestilla guida tur inn i Suldalshonning si honningproduksjon.
Frå Våge ligg du med Rogaland sin. største innsjø framføre deg: Suldalsvatnet. Med litt planlegging er det også mogleg å bestille skyss over vatnet med Energihotellet, som er vårt flotte designhotel i nordenden av vatnet på Nesflaten. Kanskje tek de ein stopp innom museumstunet Kolbeinstveit på vegen?
Denne kortferien blir skreddarsydd etter behov og ønskje, og kan kombinerast med ei rekke andre opplevingar og overnattingsstader. Dette kan du utforske vidare her på VisitSuldal.no.
Ta kontakt med oss i Visit Suldal for meir informasjon og tips til ein innhaldsrik ferie i Skattkammeret Suldal.