Sykkel i gata © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Dame på sykkel
Ryfylke Fjordhotel © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
To utanføre hotellet

Fjord og fjell

På ski
Fjell
Overnatting
Næring
Kunst & handverk
Vandring
Serveringsstad
Båt & sjøliv

I Suldal er det berre 30 minutt mellom fjorden og fjellet. Nyt avslappande dagar med familien ved sjøen i strandstaden Sand, med flotte dagsturar til baderesortet Suldal Bad og Gullingen fjellområde med over 70 km med merka løyper.

Eit vinterbesøk til Suldal er noko heilt utanom det vanlege. Då får ein moglegheita til å utforske området islagde fjordar og elver, og den elles grøne vegetasjonen er dekka i eit kvitt teppe.

Ta med deg familien til fjordbygda og kommunesenteret Sand. Frå Ryfylke Fjordhotel får ein utsikt over dei kvite fjella, fjorden, elveosen og båthamna. Ta familien på ein dagstur til flotte Gullingen fjellområde, berre ein 30 minutts køyretur unna. Her har ein 70 km med merka løyper, eigne lysløyper, skileikar for borna og skitrekk med kjelkekøyring for heile familien. Avslutt ferien med eit dagspass til Suldal Bad på Sand. Her har dei innandørs og utandørs basseng, Jacuzzi, badestue og mykje meir, alt med ei flott utsikt over fjorden.

I strandstaden Sand kan du også ta med borna på bornautstillinga til Ryfylkemuseet eller på kveldsbowling på Kulturhuset.

Anbefalt program:

Tre netter ved Ryfylke Fjordhotel med frukost

Tre to-rettars middagar

Dagspass til Suldal Bad

Avslappande dagar der dei gode opplevingane er i høgsetet.

Verdt å veta:

Ingen kan diverre kontrollere naturen. Vinteraktivitetane kan difor berre bli nytta i dei månedane me har snø.

Turen kan bli tilpassa dine ynskje og behov.