Suldal har ei rekke flotte grender, kvar med si eiga unike sjarm. Her kan ein utforske nye område kvar einaste dag i veka!
Kommunesenteret Sand
· Sikre deg ein god handel og eit godt kafebesøk med flott utsikt over Sandsfjorden i Sand Sentrum eller på Garaneset. Det blir organisert torgutsal ved Sand torg faste dagar i månaden.
· Utforsk utstillingane på Nesasjøhuset, ta eit bad ved Hydrokaien, utfordre familien i bowling eller få med dykk kino eller arrangement ved Kulturhuset i Suldal
· Sjå kven som klarer å symje lengst og hoppe høgast ved Suldal Bad
· Ta turen til Hellandsnuten for å nyte utsikta over fem fjordar eller ta rusleturen via Høsebrua langs Suldalslågen eller opp til Fiskebergåsen. Frå Fiskebergåsen får ein fantastisk utsikt over Sand sentrum.
· Besøk Laksestudio og Suldal turistinformasjon ved Sandsfossen i sommarsesongen. Utenom sesong finn ein Suldal turistinformasjon på Garaneset.
· Leig e-sykkel og legg ut på eventyr der du kjem tett på Suldalslågen og kvardagslivet på Sand.
Følg med på Facebookgruppa «Sand i Suldal» for informasjon om det som skjer.
Jelsa
· Besøk Jelsa kyrkje og skulemuseet. Her kan du høyre spanande historier frå Jelsa og Ryfylke frå 1600-talet fram til i dag.
· Nyt nokre timar ved badestanda ved Jelsa kai eller i Jelsa sentrum.
· Ta ein spasertur eller sykkeltur gjennom kvitmalte trehus der du kjem tett på kvardagslivet.
· Turen frå Jelsa til Erfjord via Foreneset gir fantastisk utsikt og mange blinkskot!
Erfjord
· Ta med familien på ein avslappa rusletur Erøy rundt med rikt fugleliv og flott fjordutsikt
· Utforsk storgarden Håland med Ryfylkemuseet sin app og nyt storarta utsikt
· Prøv fiskarlykka i Hålandselva eller i fjorden. Hugs å gjera deg kjend med lokale reglar og normar før du legg ut på fiske!
· Ta deg eit bad ved den sjarmerande badestranda Habn.
Ropeidhalvøya
· Besøk Torstein av Heimnes – eit minnesmerke etter ein av dei største vikinghovdingane i Ryfylke
· Leig e-syklar og legg ut på sykkeleventyr gjennom idyllisk fjordlandskap
· Ta turen til Grytenuten for ei av dei flottaste utsiktene i området
· Kom tett på båtlivet i Vatlandsvåg med butikk, toalett og moglegheiter for å leige sykkel, båt og fiskarutstyr.
Suldalsosen
· Ta ein rusletur eller sykkeltur tett på bygdelivet og Suldalslågen. Ein tur til Førlandsøyane eller langs Ritlandsvatnet er flott for dei minste.
· Nyt rik natur opp til Vinjanuten og Stråpanuten der du stort sett får gå i fred.
· Besøk dei historiske museumstuna Litunet og Kolbeinstveit. I sommarsesongen kjem dei til liv med vertskap og dyr.
· Legg ut på Suldalsvatnet med båt eller kano. Er ein heldig kan ein få aure på kroken!
Nesflaten
· Utforsk kraftarkitekturen i Kilen der vestlandsnatur bryt med moderne funkishus.
· Ta ein spasertur gjennom idylliske Nesflaten sentrum der ein kjem tett på høge fjell og Suldalvatnet
· Utforsk eit rikt turnettverk og flotte turisthytter
· Leig e-sykkel og ta fatt på anleggsvegar stort sett frie for trafikk. Her kjem ein tett på fantastisk natur.
Vanvik
· Besøk den imponerande Rosebua.
· Nyt fjordlivet ved kaien med fiske og avslapping tett på vatnet.
Gullingen
· Utforsk det rike turnettverket i området til fots eller på ski.
· Ta deg eit bad, prøv fiskelykka eller legg ut med båt på Mosvatnet.
· Hiv deg ned bakkane i skitrekket eller utfordre familien i skihopp ved skileiken.
· Besøk våre mange turisthytter i heia. I sommarsesongen serverer Stranddalen heimelaga middag.
· Ta deg innover flott naturlandskap til Blåsjø med bil eller sykkel. Her finn ein Noregs største damanlegg som er utgangspunktet for Ulla Førre – Nord-Europas største kraftutbygging på 1980-talet.
Dei fleste grendene har eigen nærbutikk. Her finn ein også ofte ei bensinpumpe, eit lokalt postkontor og gjerne eit lite utval av apotekvarer.