På tur © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Mann som slappar av i fjellet
Jul på Sand torg © Skattkammeret Suldal. Foto: Marit Larsen.
Juletorg

Haust i Suldal

Kunst & handverk
Næring
Vandring
Arrangement

Hausten er full av kjekke opplevingar og arrangement i Suldal. Her er ei lita oversikt!

Arrangementskalender

Hausten er full av gode arrangement, og her er nokre høgrepunkt:

  • Fellesturar med Stavanger Turistforening og Suldal Turlag
  • Internasjonal kafe på Nesasjøhuset
  • Haustmarknad på Møgedal
  • Lunsjkonsertar, konsertar, utstilling og andre arrangement på Kulturhuset i Suldal
  • Konsertar i regi av Kyrkja i Suldal
  • Opning av julegata i Sand sentrum og julemarknad med lokale produkt
  • Nissekveldar på Ryfylkemuseet sine anlegg

Oppdatert oversikt over arranement finn ein i arrangementskalenderen vår under "Kva skjer".

Kvitebjørn-utstillinga

Utstillingane på Nesasjøhuset held ope heile året. Her kan dei yngste kle seg ut som konge og dronning, danse i spegelsalen og høyre eventyr fortald av Kvitebjørnen sjølv.

Bowling, bibliotek og kino

På Kulturhuset i Suldal har ein bowling, kino, bibliotek og kafé. I tillegg arrangerer dei ei rekke ulike arrangement og konsertar i løpet av året.

Torgutsal

På Sand torg har ein torgutsal annankvar torsdag i månaden, i tillegg til større arrangement og aktivitetar. Følg med på Facebookgruppa «Sand i Suldal» for oppdateringar og informasjon.

Opning Suldal Bad

Denne hausten opnar fantastiske Suldal Bad! Her får du symjebasseng og sklier, sauna og utandørs boblebad, klatrevekk og servering. Det er mogleg å kjøpe enkeltbillettar og sesongkort.

Suldal turistinformasjon

Suldal turistinformasjon held til på Fossheim ved Sandsfossen i sommarsesongen 1. mai - 31. september. Utanom sesong finn de oss i Næringsparken på Garaneset.

suldal@visitsuldal.no

Legg turen til Suldal

Suldal er rik på gode overnattingsstader med utsikt over fjell, elv og fjordar, og har mange gode matopplevingar utover grendene våre. Les meir under "Mat & Overnatting" for å planlegge besøket ditt.