Stjernehimmel © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal foto
Mann med stjernehimmel
Lokalmat © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Suldalsmat

Haustopplevingar

Arrangement
Vandring
Båt & sjøliv
Fiske
Fjell
Overnatting
Serveringsstad

På leit etter kjekke opplevingar og aktivitetar til haustferien, eller kanskje du planlegg ein kortferie eller helgetur til Ryfylke denne hausten? I Suldal kan du vakne opp til utsika over fjell, fjord, vatn og elv med ei rekke gode natur – og kulturopplevingar som ventar på deg.

Opplevingar eigna for heile familien

Heile året finn ein ei rekke kjekke aktivitetar i Suldal for familieferien. I dei ulike grendene våre og i fjellet finn ein kjekke turar som passar for born i alle aldrar. Kombiner gjerne med å fiske i eit fjellvatn, eit besøk til ei turisthytte, ein tur med kano eller båt på vatnet eller ein forfriskande dusj i ein foss. I kommunesenteret Sand finn ein klatrepark og badeanlegget Suldal Bad. Ved Kulturhuset i Suldal kan ein få med seg dei siste kinoane, familieførestillingar og bowling.

Haustens kulturprogram

Ved Kulturhuset i Suldal kan ein få med seg ulike konsertar, framsyningar og besøke Ryfylkebiblioteket. Ryfylke kunstlag har også utstillingar på kulturhuset gjennom hausten. Hjå hovudsetet til Ryfylkemuseet, Nesasjøhuset, kan ein få med seg utstillinga «Livreddaren» som fortel historia til spelsauen. I haustferien arrangerer ein også «Suldal i 100» med kjekke aktivitetar og gode tilbod over heile kommunen. Les meir på Facebook-gruppa «Sand i Suldal».

Tusen takk for at du er med på deg globale dugnaden ved å følgje retningslinjer frå kvar enkelt bedrift og organisasjon i forhold til smittevern og korona-restriksjonar.

Kortreiste matopplevingar

I Suldal har me ei rekke flotte heilårsopne kafear og restaurantar. I kommunesenteret Sand finn du Fargeriet kafe, KULP, Ryfylke Fjordhotel og Brunsj AS. I tillegg har våre overnattingsstader tilbod om servering og gode matopplevingar på bestilling der ein besøke vårt heilt eige gardsbryggeri, nyte firerettars middag i eit designhotell og få servert eit heimelaga måltid på kanten av Suldalsvatnet. Les meir om mattilbodet i Suldal her.

Ut på vatnet med båt og kano

I Suldal har me ei rekke flotte fjordar og fjellvatn ein kan legge ut på. I fjorden står ein fritt til å fiske så lenge ein held seg unna dei freda områda tett på lakseelver, medan ein i fjellvatna våre kan skaffe seg fiskekort frå inatur.no. Frå Vikane Hyttetun kan ein leige båt og kano til flotte Suldalsvatnet. Frå Gullingen turistsenter kan ein leige båt og kano til Mosvatnet. Frå Joker Vatlandsvåg og Hebnes Fjordferie kan ein leige båt til å legge ut på fjorden med.

Helse og velvære

Hjå Suldal Bad finn du symjebasseng, terapibad, sklie, stupetårn, klatrevegg, badstue og utandørs boblebad. Heile anlegget har fantastisk utsikt over fjorden og naturen rundt. Ein kan også leige privat stamp. Hjå Mo Laksegard får du utsikt over Suldalslågen, medan du frå Vikane Hyttetun får utsikt over Suldalsvatnet. I Sand sentrum finn ein også treningssenter, massasjetilbod og meir.  

Nyt haustens fargar frå ein fjelltopp

Ingenting er flottare enn gode turopplevingar når naturen visar seg i si flottaste fargedrakt! I Suldal finn du Rogalands høgaste toppar som byr på ei rekke flotte toppturar til nutar som Snønuten og Vassdalseggi. For dei som søkjer dei litt lågare toppane med fantastisk utsikt kan ta seg til Napen, der ein føler at ein er på toppen av Roglands tak. Frå Hellandsnuten har ein utsikt over fem fjordar, medan Onglanuten er ein flott tur for heile familien der ein får utvikt nedover dalen til Sand og Sandsfjorden. Oversikt over flotte turruter finn du her.

Sentrumsnære rusleturar

Suldal byr på flotte turopplevingar for dei som ikkje ønsker dei lengste og brattaste rutene. Tett på grendene våre finn du kjekke rusleturar tett på fjord, elv og vatn som passar born i alle aldrar. Langs Sand safari ruta spaserer du gjennom Sand sentrum, langs Suldalslågen og forbi Sandsfossen og prisvinnande Høsebrua. På turen Erøy-rundt kjem ein tett på fjorden og fugleliv. Ut Førlandsøyane kjem ein tett på elva med mykje kjekt å utforske og oppdage for dei minste. Turen langs Ritlandsvatnet er godt eiga for barnevogner. Alle turforslaga våre finn du her.

Utforsk våre mange museumstun.

Heile året kan du utforske våre mange flotte museumstun på eigahand. Med museumsappen «Ryfylkemuseet»kan du via GPS punkt lese meir om historia til kvart enkelt anlegg.

Eit breitt utval av hotell og hytter

I Suldal kan du overnatte på designbygg, tradisjonsrike hyttetun og fjordnære hotell. Heile oversikta finn du her.

Har du spørsmål til planlegginga av ditt neste besøk til Suldal? Me høyrer meir enn gjerne frå deg på epost suldal@visitsuldal.noeller via chat på Facebook eller Instagram.