Kjære hyttesuldøl,
Tusen takk for at du har valt deg Suldal som din kommune å nyte hyttelivet i. Me veit kor viktig hytta er for å roe ned frå ein hektisk kvardag eller nyte flotte naturopplevingar og aktive fridagarsaman med familien. Du er kanskje og ein av stadigeire som brukar hytta som kontor når sola stråler? Velkommen skal du vera!
I denne helsinga frå oss nn du ein del praktisk informasjon som kan vere greitt å kjenne til somhytteeigar i kommunen vår. Du finn også informasjon om alt frå toppturar til skiløyper, om det populære folkebadet vårt Suldal Bad, om Kulturhuset i Suldal som har eit spanande program for heile familien og butikkar, attraksjonar og opplevingar ute i grendene våre og i kommunesenteret Sand.
Kva med å nyte ein kaffikopp på ein av kafeane våre, handle kortreiste varer i lokale butikkar, prøve skia i lysløypa på Gullingen eller bade i eit idyllisk fjellvatn?
I skattkammeret vårt har mekort veg frå sjø til høghei, og opplevingar for heile familien. Me håpar du får gode dagar i Suldal, med eit rikt hytteliv både vinter, vår, sommar og haust!
Gerd Helen Bø
Ordførar i Suldal kommune
Hyttetomter
Oversikt over ledige kommunale tomter i Suldal og kostnadar knytt til kjøp finn. du på buisuldal.no og suldal.kommune.no. Fleire lokale utbyggjarar og byggfirma tilbyr også hyttetomter.
Søke om byggeløyve
For større prosjekt som bygging av ei ny hytte treng du ein ansvarleg søkar for tiltaket, altså eit byggfirma eller liknande som står for søknad, prosjektering og utføring. Du må også søkja for fleire mindre prosjekt, men her kan det vera mogleg å søkja og stå for arbeidet sjølv. Søkeprosess og prisar finn du meir informasjon om på suldal.kommune.no.
Brann og feiing
Haugaland brann og redning IKS utfører feiing og tilsyn med fyringsanlegg (skorstein og eldstad) i Suldal kommune. Dei gjer deg som eigar merksam på feil og manglar slik at dei kan rettast opp før ein brann oppstår. Bålbrenning i Suldal kommune er forbode i perioden 15. april til 15. september utan særskild løyve frå brannsjefen.
Vatn og avløp
For vatn og avløp knytt tilhytta må ein betala ei tilknytingsavgift og ei årsavgift. Oversikt over dette finn du påsuldal.kommune.no.
Renovasjon og avfall
IVAR IKS er ansvarleg for renovasjonen i Suldal kommune, og det er plassert ut ulike containerar for hytterenovasjon ulikestader i kommunen. Informasjon om prisar og tilbod relatert til dette nn du på suldal.kommune.no og ivarryfylke.no. Gjenbruksstasjonen for avfall til sortering og avfall som ikkjehøyrer til hyttekonteinarane finn du i Gåsavikja på Sand.
Bom ved Blåsjøvegen
I sommarsesongar er det betaling ved bom for ferdsel innover Blåsjøvegen. Bommen står ved skitrekket over Gullingen turistsenter. Ein kan anten betala med kort ved bom eller kjøpe sesongkort ved servicetorget hjå Suldal kommune.
Legevakt
I opningstida kan legekontoret i Suldal kontaktast på tlf. 52 79 23 00. Utanom opningstid og når hjelpa ikkje kan vente kan ein kontakte legevakta på 116 117. Ved akutt hjelp og når det står om liv kontaktar ein 113 direkte.
Servering, catering og overnatting
Varehandel
Lokale tenester
Bygg og anlegg
Kultur og opplevingar
Turnettverk og skiløyper
I Suldal kan du nyta utsikta frå storslagne toppar som Hellandsnuten og Napen, besøka flotte turisthytter eller ta deg ein rusleturlangs elvar, vatn og fjordar i grendene våre. I vintersesongen nn du milevis med skiløyper, skitrekk og skileik i Gullingen-området. Turkart til kvar enkelt grend får du tak i ved Suldal turistkontor og i utvalde butikkar.
Jakt og fiske
I kommunen finn du ei rekke flotte jaktområde, skevatn, den størstelakseelva på Vestlandet og fjordar som byr på eit rikt mangfald avskeartar. Du står fritt til å fiske med stang i fjordane, men du må vera obs på at det er eigne reglar tett på elvemunningar. Informasjon om fiske i vatn finn du på inatur.no og informasjon om laksefiske i Suldalslågen finn du påsuldalslagen.no. I Suldal kan du også besøka det eldste laksestudioet i Noreg.
Vasskraft og arkitektur
Store kraftutbyggingar som Røldal-Suldal Kraft og Ulla Førre- utbygginga har gjort Suldal til ei kraftkjempe som står for 8 prosent av årleg kraftproduksjon i Noreg. Ulla-Førre var i si tid Nord-Europasstørste kraftutbygging, der Blåsjøinngår som Noregs største damanlegg. I sommarsesongen kan einbesøke området. Kraftarkitektur, saman med andre moderne og historiske bygg, utgjer arkitekturrundturen Suldal-Sauda-Røldal som byr på den beste samlinga av arkitektoniske verk i Fjord Noreg.
Livlege grender
Suldal er den største kommunen i Rogaland og den tredje største på Vestlandet med i underkant av 4000 menneske fordelt på hovudsakleg sju grender. Her finn du otte nærbutikkar, varierte turmoglegheiter, bortgøymde badeplassar og mange kjekke opplevingar. I kommunesenteret Sand kan du utforska eit godt utval nisjebutikkar, kulturhus, museum, badestrandog torgutsal på utvalde dagar.
Kommunesenteret Sand
Strandstaden Sand er det idylliske kommunesenteret i Suldal kommune. Blant kvite trehus tettpå fjorden finn du kafear, nisjebutikkar, museum, kulturhus, daglegvare, vinmonopol og apotek. På Sand finn du det du treng til bil, hus og heim med verkstad, røyrleggar, bygg rma, møbelsen-ter, dekor, blomebutikk og byggvarehus. Treng du litt fornying finn du også sportsbutikk, klesbutikk og skobutikk. På utvalde dagar arrangerer ein torghandel iSand sentrum, ulike aktivitetar og arrangement som Ryfylkedagane, Jordbærfestivalen og Møgedalsamarknaden. Følg @SandiSuldal på Facebook for siste nytt frå kommunesenteret.
Få med deg det som skjer
Kva med å leige ein vedfyrt stamp, yta nedover Suldalslågen på utkikk etter Salmo Suldal eller nyta trerettars middag på designhotell? Informasjon om gode opplevingar og aktivitetar får du på visitsuldal.no. Der finn du også ein eigen arrangementskalender med informasjonover konsertar, aktivitetar og arran- gement i Skattkammeret Suldal.
I Suldal er opplevingane dine! Bruk emneknaggen #VisitSuldal for å dela dine beste opplevingar med oss på Instagram.
Kortferie i Suldal
Ein treng ikkje reise langt for å få feriefølelsen! I Suldal kan du velje på øvste hylle blant otte overnat- tingsstader. Her kan du vakne opp med utsiktover fjordar, elv og vatn hjå våre tradisjonsrike hytter, laksegard og sentrumnære hotell. Våre kafear og restaurantar tilbyralt frå eigenprodusert kaffi og gourmet-sandwichar til omsyning i gardsbryggeri, «komletorsdag» og catering.