Lise Bjelland
Mann som ligg i naturlandskap
Lise Bjelland
Mann som ligg i naturlandskap

I kontakt med naturen

Fiske
Fjell
Vandring

I tillegg til å vera ein liten køyretur frå turistmagnetane Preikestolen og Trolltunga kan Suldal tilby ei rekke gøymte turperler i rik og variert natur, langt vekke frå travle og opptrakka stiar. Dette er stadene dei Suldølen sjølv liker å mosjonere, og det går sport i å kvart år komme seg opp til dei 6 nutane som gjer at ein kan krone seg med den gjeve tittelen «Nutfant».

Rundtur ved Høsebru

Grøn (lett)

Ein flott tur langs Suldalslågen i flatt terreng. Start turen ved Laksestudio i Larvika og ta turen over Høsebrua, som har vunne prisar for sin spennande arkitektur. Følg vegen vidare nedover elva der du finn ulike plansjar som fortel deg om livet i området før du kjem til Garaneset og tar den asfalterte vegen tilbake. Turen tek cirka 30 minutt.

Stranddalen Turisthytte

Blå (Middels)

Standdalen er ei ekte perle i Suldalsheiene. Turisthytta ligg 1000 meter over havet mellom fjellvatn, rik fjellflora og flotte høgfjell. I sommarsesongen er hytta bemanna med tradisjonsrike måltid som Komle servert i godt lag. Turen tek 2-3 timar og startar frå Øvre Moen eller Saurdal.

Stegåsen turområde

Variert

Stegåsen er eit populært turområde for dei som bur i strandstaden Sand. Start ved Joagarden barnehage på Eide, Sand, som er utgangspunktet for ei rekke ulike ruter. Merk deg tavle ved inngangsportalen slik at du finn den ruta som passer deg og dine ynskje.

Rundtur rundt Ritlandsvatnet

Grøn (lett)

Kom tett på vatnet på denne avslappande turen langs Ritlandsvatnet. Løypa er vel egna for nybegynnarar og dei som ynskjer seg ein enklare tur, samtidig som dei ynskjer å vera tett på naturen. Løypa startar ved Ritalndsvatnet på vegen frå Sand mot Suldalsosen.

Topptur til Hellandsnuten

Raud (utfordrande)

Ta turen opp til det høgaste fjellet i standstaden Sand. Løypa er krevjande med fleire strekke der du må klatre oppover fjellet, men utsikten når du endeleg er på toppen er verdt strevet!  Frå Hellandsnuten kan du på ein god dag sjå utover alle fem fjordane i området. La dykk ein rast, pust inn den friske lufta og nyt den beste utsikta i mils omkrans.

Andre toppturar

Varierande, men for det beste frå raud (utfordrande) til svart (ekspert)

Den beste utsikta finn du som regel på fjelltoppane, og i Suldal har me mange av dei. Anten du ynskjer å ta turen opp Hellandsnuten, Napen, Grytenuten, Stråpanuten, Liafjell, Onglabuten eller ein heilt annan nut kan me love deg Instagramvenlege minne. På turistinformasjonen og www.ut.nosine sider finn du kart og meir informasjon.