Julemarked © Skattkammeret Suldal. Foto: Marit Larsen
Dame på julemarked
Skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Menneske på skitur

Jul og vinter i Suldal

Arrangement
Næring
Overnatting

Jula er ei av dei finaste tidene av året, og ei perfekt anledning til å koma seg vekk med dei nærmaste for å nyte god mat og gode opplevingar i saman. I Suldal betyr jul at grendene lyser opp i den kalde vinternatta, at Løypekøyraren kjem ut for å klargjer skiløypene på Gullingen og at ein kan nyte julemiddag, kakao og ein god julehandel hjå våre butikkar og kafear.

Julehandel med juletorg og julegateopning

I starten av adventstida held ein julegateopning i Sand sentrum og dei andre flotte grendene i kommunen, noko som set startskotet for gode handelsopplevingar fritt for lange køar og kaos. I løpet av adventstida arrangerer ein julemarknad med utsal av smakfulle lokale produkt  og ein held ekstra ope i utvalde helger og vekedagar. På Facebook-gruppa @SandiSuldal får ein siste informasjon om opningstider.

Varm kakao, herlege kanelboller og julemiddag

I Suldal er me heldige som har våre eigne lokale kafear der ein kan nyte gode måltid gjennom høgtida. På Kulp har dei eigen julemeny gjennom adventstida slik at ein kan sikre seg alle dei gode klassikarane, og dei har også innslag av eigne lokalprodukt som hamburger av sauekjøt frå Erfjord. Ved Brunsj har dei gode friske salatar, sandwichar og dagens ferske heimebakst, som best kombinerast med deira heilt eigen kaffi «Suldalsskvetten» eller ein stor kopp med kakao. På Fargeriet har dei dagens meny i tillegg til knallgod suppe og bagettar.

Kino, bowling og førestillingar

Gjennom jula finst det ei rekke gode arrangement og framsyningar på Kulturhuset i Suldal. Her kan ein utfordre familien til bowling, ein kan sjå dei nyaste julefilmane i storsalen og dei kan nyte gode framsyningar frå scena. Ein kan også ta seg ein tur innom biblioteket for å låne med seg gode bøker og lydbøker til avslapping eller høgtlesing i godstolen.

Julebord og familieselskap

Våre flotte overnattingsstader og kafear arrangerer flotte julemiddagar, catering og selskap for familien og vennegjengen. Her kan ein nyte ureist mat i den nyrestaurerte løa på Træ Gården, fire-rettars middag til kraftdesign og storslått natur på Energihotellet, gode lokale råvarer og heimebrygga øl på den tradisjonsrike laksegarden Mo Laksegard og herleg middag med dessert med utsikt over fjorden ved Ryfylke Fjordhotel og Suldal Hotell. Kulp, Brunsj og Fargeriet tilbyr også catering for store og mindre grupper.

Julekonsertar og andre gode arrangement

Det er mykje som skjer i alle grendene i Suldal og i juletida arrangerer ein konsert i kyrkjene, julemesser og mykje anna kjekt. I arrangementskalenderen på www.VisitSuldal.no får ein oversikt over alt det kjekke som skjer.

Ski, skileik og skitrekk

I vintersesongen opnar 70 kilometer med skiløyper seg i «heiå», tilpassa alle aldrar og vanskelegheitsgrad. Småbarnsfamiliane kan ta seg ein tur i barneløypaved Mosvatnet og dei som trivst best i kveldsmørket kan ta seg ein tur ut i lysløypene våre. Ynskjer seg ein lengre tur kan ein legge ut over Skuteheia eller ta toppturen til Natlandsnuten.

Når snøen er skikkeleg på plass kan ein teste forholda ned skibakken og skitrekket ved Gullingen skitrekk, og kanskje freistar det med noko forfriskande i varmestova etterpå? Ved Gullingen turistsenter og ved inngangen til Breiastølsdalen skiområde legg ein også til rette for skileik med kulekøyring, skihopp og mykje anna kjekt.

Museum

Vårt flotte heilårsope museum, Nesasjøhuset, ligg fantastisk til rett på fjorden. Her kan ein utforske mange gode handverksprodukt frå regionen og deira eigenproduserte bøker. Ein kan også utforske utstillingane deira, samt nyte ein kaffi og noko å bite i ved Løland kafe til flott utsikt.

Bad og velvære

Etter ein god til i skog og mark kan det vera herleg med eit forfriskande bad. Ved Suldal Bad kan heile familien kose seg med aktivitetsbasseng, sklie, klatrevegg, terapibad, utandørs boblebad og badstue -alt med fantastisk utsikt over fjorden. Ein kan også synke ned i vedfyrt stamp ved Mo Laksegard og Vikane Hyttetun medan vinternatta kitlar ein i kinna.

Ynskjer du overnatting? I Suldal kan ein velje og vrake på øvste hylle når det kjem til flotte overnattingsstader. Her finn du både tradisjonsrike hyttetun og stemningsfylte hotell med utsikt over fjord, fjell, elv og dalføre. Sjekk ut «Mat & Overnatting» for full oversikt.