Start kortferien med å ta Nasjonal Turistveg Ryfylke til designhotellet Energihotellet i den vesle bygda Nesflaten, med høge fjelltoppar og det speglblanke Suldalsvatnet som næraste nabo. Hotellet blei teikna av arkitekten Geir Grung i samband med Røldal-Suldal kraftutbygginga. Her kan du kosa deg med ei bok og kaffi framføre gullpeisen eller nyta flott utsikt frå dei moderne romma. Om kvelden kan de nyta deira fire-rettars middag der lokale råvarer står i fokus. Ein tur rundt i bygda Nesflaten gir deg eit innblikk i korleis vasskrafta har sett sitt preg på den vesle vestlandsbygda med utradisjonelle funkisboligar og administrasjonsbygget til Hydro sitt Røldal-Suldal anlegg som lokalt vert kalla “UFO-en”. Samla er området eit av dei finaste og best bevarte døma på funksjonalistisk stil i Noreg.
Frå hotellet kan du nyta flotte turopplevingar i nærområdet, både i Nesflaten sentrum og i høgfjellet. Nipe er ein av dei best ikoniske toppane i området og gir deg fantastisk utsikt over Suldalsvatnet og bygda Nesflaten. Anleggsvegane frå kraftutbygginga byr også på flotte sykkelopplevingar frå hotellet der ein kan leige e-sykkel. Ein kan også legge ut på Suldalvatnet som strekk seg frå Roalkvam til Suldalsosen. Ønskjer ein å fiska i vatnet kan ein få tak i fiskekort på inatur.no. Gjester ved Energihotellet har også tilgang på det lokale oppvarma badebassenget.
Start dagen med ein betre frukost med utsikt over Suldalsvatnet og bygda Nesflaten. I dag går turen opp i høgfjellet til Gullingen og Blåsjø der anleggsvegen frå Ulla Førre-utbygginga tek deg forbi Gullingen turistsenter inn Suldalsheiane med fossefall, fjellvatn og flotte turområde. Vegen eignar seg også godt til sykling. Her kjem ein først til den mektige Oddatjøndammen som med sine 142 meter demmer opp den kunstige innsjøen Blåsjø, den høgaste og største betongdammen i Noreg. Dammen fekk i 1989 Betongelementprisen.
Kombiner gjerne turen med vandring, toppturar eller besøk til nærliggande turisthytter der Stranddalen turisthytte har vertskap gjennom sommarsesongen. Frå Napen får ein utsikt over Oddatjørndammen og Førrevassdammen og området rundt. Fleire av vatna eignar seg også godt til bading og fiske.
I vintersesongen er vegen inn til Blåsjø stengd grunna snø. Då kan ein utforske mil på mil med merka skiløyper. Her finn ein også kvista løyper, skileik, lysløyper og andre toppturar. Suldal turistkontor har eige kart for skiløyper i Gullingen-området. Avslutt gjerne dagen med vedfyrt stamp eller ein tur i Suldal Bad.
Arkitekturrundturen er Noreg si einaste arkitektur-rute i eit dagsformat, og byr på både historisk og moderne arkitektoniske verk i verdsklasse. Turen tek mellom 2-3 timar frå Suldal via Sauda til Røldal, og er ei reise i spektakluært landskap frå fjorden til høgfjellet. Her får du flotte stopp som prisvinnande Høsebrua, Ostasteidn, Almannajuvet og Svandalsfossen. Ein kan også legge inn besøk til Røldal Stavkyrkje og Guggedalsloftet/Kolbeinstveit. I vintersesongen er vegen mellom Sauda og Røldal stengd. Då kan ein nytte seg av RV13.
Kombiner gjerne turen med eit besøk til kommunesenteret Sand med kvite trehus tett på Sandsfjorden. Her finn ein lokale butikkar, kafear, kulturhus, museum og eiga badestrand. I sommarsesongen kan ein besøkja Laksestudio der ein kan sjå Suldalslaksen på veg opp elva for å gyte. Her kan ein læra meir om korleis ein har arbeidd for å ivareta villaksstamma i Suldalslågen, vestlandet si mest vassrike elv som har blitt påverka av både Røldal-Suldal utbygginga og Ulla-Førre utbygginga.
Denne kortferien blir skreddarsydd etter behov og ønskje, og kan kombinerast med ei rekke andre opplevingar og overnattingsstader. Dette kan ein utforske vidare her på VisitSuldal.no.
Ta kontakt med Energihotellet direkte eller Visit Suldal for meir informasjon og tips til ein innhaldsrik ferie i Skattkammeret Suldal.