Mo Laksegard © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Vertskap
Laksefiske © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Laksefiskar med laks

Kortferie: Vatn

Foss/elv
Overnatting
Serveringsstad
Fjell
Vandring
Fiske

Utforsk livet i og rundt ei av dei mest vassrike elvane på Vestlandet i denne aktive to-dagars pakken. Høgdepunktet er å flyte nedover elva i tørrdrakt på leit etter elvas sølv!

Nyt to dagar langt vekke frå dei store turistmagnetane ved ei av dei største lakseelvane i Noreg. Her vil du læra meir om livet ved og i elva, den unike laksen og korleis den har påverka bygdesamfunna rundt.

Du vil bu på den familieeigde garden Mo Laksegard med fantastisk utsikt utover lakseelva Suldalslågen. Her vil du kunne nyta stille natur, og heimelaga måltid basert på lange tradisjonar og lokale råvarer. Dei har også sitt eige gardsbryggeri og utandørs symjebasseng. Ein av dagane vil du gå ned i elva for å flyte nedover straumen med dykkarmaske på leit etter laksen som har starta ferda oppover frå havet. Området er også flott for vandring, sykling og avslapping langs elva og i fjellet.

I laksesesongen kan du ta eit besøk til det første laksestudioet i Noreg der du kan læra meir om korleis laksen finn tilbake til elva den blei fødd i etter mange år ute i havet, og du kan kombinera opphaldet med guida fisketurar i elva.

Anbefalt program:

To netter på Mo Laksegard med frukost.

To 2-rettars middagar basert på lokale råvarer.

Laksesafari.

Legg gjerne til guida tur til Laksestudio, laksefiske, tur til gardsbryggeriet og vedfyrt stamp.

Avslappande dagar der dei gode opplevingane er i høgsetet.

Verdt å veta:

Laksesafari blir arrangert for individuelle to dagar i veka i sommarsesongen. Utanom sesong tek ein grupper på minimum 6 personar.

Vassføringa er for låg for Laksesafari mellom desember og mars.

Laksesesongen er frå juli til september.

Berre dei som kan symje har moglegheit til å delta på Laksesafari. Er ein ikkje erfaren i vatn kan Elveekspedisjon vera eit godt alternativ.

Turen kan bli tilpassa dine ynskje og behov.