Kulp held ope kvar dag i veka, og held til i Næringsparken på Garaneset. Her kan ein nyte «dagens middag» og pizza frå pizzabaren deira. I periodar serverer dei også ulike lokale rettar som «saueburger frå Erfjord» og kvar torsdag får serverer dei komle. Kulp tilbyr også catering.
Fargeriet held til i lune lokale i kommunesenteret Sand. Her kan ein samle familien eller vennegjengen til lunsj og middag med favorittar som «dagens middag», kyllingsuppe, lasagne, ferske baguettar og mykje meir. Kvar torsdag serverer dei den populære komlemiddagen. Kulp tilbyr også catering.
Brunsj er vår eigen urbane kafé der ein kan nyte friske salatar, gourmet sandwichar, fersk bakst og Suldal sin eigen kaffi «Suldalsskvetten». Brunsj held til ved Kulturhuset i Suldal, og eit besøk her kan gjerne kombinerast med eit besøk i utstillinga til kulturhuset eller til Ryfylkebiblioteket. Brunsj tilbyr også catering.
Ved Ryfylke fjordhotel kan ein samle familien til middag og vennegjengen til samling i deira flotte restaurant med panoramautsikt over Sandsfjorden og elveosen, der fjorden møter Suldalslågen. Hotellet har eiga uteservering og i sommarsesongen opnar dei eit serveringsområde like ved fjorden.
På den flotte laksegarden tett på Suldalslågen er eit måltid mykje meir enn ei servering – det er ei oppleving. Hjå Mo Laksegard kan du bestille eit besøk til deira heile eige gardsbryggeri der du får servert ulike smaksprøvar. Du kan også ta med eit selskap til villmarkscampen deira eller bestille servering i campen deira ved elvebreidda. På garden serverer dei store og små lag i lune lokale på bestilling.
Energihotellet er vårt heilt eige designhotell, og i restauranten finn du deira heilt særeigne gullpeis og fantastisk utsikt over Nesflaten og Suldalsvatnet. Her får du servert kortreiste råvarer med ei moderne vri med deira populære tre- og fire-rettars middagserveringar. Kva med brunostis? Hugs å bestille.
Stranddalen turisthytte ligg idyllisk til midt i Suldalsheiane, 5 km frå næraste veg. Her kan du i sommarsesongen nyte herleg tre-rettars middag etter dagens tur, og torsdagar har dei sin berømte komlemiddag. Ulike helgar i sesongen inviterer dei også Noregs fremste kokkar for ei fantastisk matoppleving i høgfjellet. Kvar morgon serverer ein frukostbuffet med eit rikt utval. Ønskjer du kaffi på termosen til neste fjelltur? Sett termosen fram og den står klar til deg på disken neste dag! Hytta har også skjenkjebevilling.
Ved Vikane Hyttetun har dei si heilt eige grillhus like ved Suldalsvatnet. Her kan ein bestille matservering for vennegjengen eller familien, som ein kan kombinere med vedfyrt stamp og eit bad i Suldalvatnet.
Suldal hotell tilbyr flotte selskapslokale når ein skal samle større lag. Her er ein tett på kommunesenteret og kjem tett på Sandsfjorden.
Træ Gården har restaurert løa på tunet som nå er omgjort til eit stemningsfullt selskapslokale som set den perfekte ramma for alle anledningar. På menyen kan ein mellom anna ha angus og ullgris frå garden.
Bimi tilbyr take-away av ei rekke ulike asiatiske rettar, inkludert sushi, vårrull og stekt ris. Bestill gjerne dagen før.
Sjøhuset er heile Suldal sin pub, og har ope utvalde dagar i månaden. Ved høgtider og spesielle anledningar tilbyr dei livemusikk med ulike lokale og regionale artistar.
Informasjon om opningstider finn du under «Bli inspirert».