Hellandsnuten © Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkefotografen
To menneske på fjelltopp med flott utsikt
Suldal Bad © Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkefotografen
Familie i boblebad

Topp 10 sommartips

Overnatting
Serveringsstad
Næring
Utkikkspunkt

På leit etter inspirasjon til neste ferie? Skal du på roadtrip gjennom sørvest Noreg? Eller kanskje du treng ein base for å utforske Ryfylke? Det er mange gode grunnar til å legge neste ferie til Suldal!


1. Turstiar og fjelltoppar heilt for deg sjølv.

I Suldal finn du fleire av dei høgste toppane i Rogaland, i tillegg til fjordnære fjelltoppar med storslagen utsikt, vidder der du får landskapet heilt for deg sjølv, ei rekke flotte turisthytter og familievennlege, sentrumsnære rusleturar.  Kanskje møter du ein og annan suldøl på vegen, men her er det meir enn nok av fiskevatn, badeplassar og turstiar til oss alle! Sjekk vandreforslaga våre her og forlag til ditt neste fjelleventyr her. Suldal ligg også eit par timars køyring frå Preikestolen og Trolltunga.

2. Fjordar som ventar på å bli utforska.

Suldal er omkransa av majestiske fjordar, som på fine dagar ligg speglblanke mellom høge fjell. Her kan ein dra på mikroeventyr til idylliske fjordbygder, sykle tett på fjordlandskapet, slå seg ned på ei brygge for å leite etter krabbar eller legge ut med havkajakk. Du kan også dra sjøvegen på dagstur til Stavanger slik dei gjorde i gamle dagar.

3. Idylliske fjordgrender perfekt for dagseventyr.

I Suldal har ein nok grender og småstader til å utforske ein ny stad kvar einaste dag i veka! Kva med ein grendesafari? Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke, med kvite trehus tett i tett ned mot fjorden. I Erfjord kan ein besøke museumsgarden Hålandstunet og dra på fuglekikking. På Ropeidhalvøya kan ein finne vikinggraver og minnesmerke etter den største vikinghovdingen i Ryfylke! I kommunesenteret Sand finn ein ei rekke lokale butikkar, kaféar, museum, badestrand og kulturhus - alt eit steinkast frå fjorden!

4. Eit rikt utval av lakseelver og fiskevatn.

Er du ein erfaren laksefiskar eller nybegynnar? I Suldal finn ein fiskemoglegheiter tilpassa alle ynskje og kunnskapsnivå. Suldalslågen er vestlandets mest vassrike elv, og tiltrekk seg laksefiskarar frå fjent og nært kvar einaste år. I heiå finn du flotte fiskevatn der du kan nyte frisk luft og lyden av fisken som hoppar. Du kan også lære meir om laksen i Noregs første laksestudio og symje nedover Suldalslågen på laksesafari.

5. Kulinariske opplevingar

I Suldal er me stolt over våre lokale råvarer og mattradisjonar, og alt ligg til rette for gode kulinariske opplevingar under oppholdet. I Sand sentrum finn ein ei ulike kafear og restaurantar der ein kan nyte gode rettar med utsikt utover fjorden og livet i kommunesenteret. Kvar torsdag møtest dei fastbuande til "komletorsdag" der vestlandets stoltheit blir servert. Ein kan også få med seg villmarkscamp der ein får servert gode rettar til knitringa av bålet i lavoen, dagens middag eller noko friskt å drikke i elveosen, firerettarsmiddag basert på lokale råvarer på eit designhotell i den vesle bygda Nesflaten, kjøpe kortreiste råvarer frå Sandsbygda eller trerettarsmiddag i høgfjellet som belønning etter turen. Kanskje vil du legge ut på eit kulinarisk e-eventyr med gode måltid og overnattingsstopp på sykkelsetet på veg opp dalen?

6. Badeplassar heilt for deg sjølv.

I Suldal kan du velge ut nye badeplassar for familien kvar einaste dag! Alle grendene våre har flotte badeplassar som du kan få for deg sjølv med både i saltvatn og ferskvatn. Her kan du nyte ein heil dag ved badestranda ved Mosvatnet, som kan kombinerast med tur i heia, båttur til nærmaste øy og ein forfriskande dusj i fossen. Ved Suldal bad kan du utfordre familien til konkurranse i slia, frå hoppebretta og i klatreveggen eller slappe av i boblebadet eller badstua. Du kan også unne familien ein kveld i vedfyrt stamp med utsikt over Suldalsvatnet eller Suldalslågen.

7. Kultur og historie.

I Suldal finn du ei rekke flotte museumsanlegg som ein kan utforske både i og utanfor opningstida. Ved Nesasjøhuset møter du Kvitebjørnen frå barneeventyret til Rasmus Løland, ved Kulturhuset i Suldal kan du dra på galleriutstilling, frå klyngetunet Litunet får du majestetisk utsikt over Hylsfjorden og på storgarden Kolbeinstveit kan du besøke Rogalands eldste trebygg! Utanfor opningstid kan du med appen «Ryfylkemuseet» finne GPS punkt som fortel deg meir om historia til staden. Du finn også bowling, kino, bibliotek og arrangement på Kulturhuset i Suldal.

8. Arkitektur og vill natur.

Arkitekturrundturen Suldal-Sauda-Røldal byr på historisk og moderne arkitektur i verdsklasse. Ruta har den beste samlinga av arkitektoniske verk i Fjord-Noreg og er den einaste Nasjonale turistvegen som presenterer både historisk og moderne arkitektur i eit dagsturformat. På Kilen på Nesflaten møter ein funksjonalistisk stil frå kraftutbygginga på 1960-talet, på Ropeid kjem fjorden inn vindauga ved "venterommet, ein kan bli inspirert av Lars Hertervig ved Ostasteidn og ved Høsebrua kan ein sjå Suldalslågen bruse under beina.

9. Sommaropne kyrkjer, gatevandring og kunstutstilling

I sommar er ein mykje kjekt å finne på i heile kommunen. Ein kan få med seg kunstutstilling og kinoframsyningar ved Kulturhuset i Suldal, ta ei reise tilbake i historia på gatevandring med Ryfylkemuseet, utforske en handmåla stjernehimmelen i Jelsa kyrkje og oppleve fjordidyll under torgdagar ved Sand sentrum. Heile sommarprogrammet og opningstider finn du under "Bli inspirert".

10. Ta inn storslagen natur langs to av Noregs flottaste vegar.

Suldal er eit flott utgangspunkt for å utforske regionen, midt mellom Preikestolen og Trolltunga. Nasjonal Turistveg Ryfylke og Discovery Route går gjennom kommunen, medan Nasjonal Turistveg Hardanger ligg like ved. Folgefonna, baroniet i Rosendal, Røldal stavkyrkje, Åkrafjorden, Haugalandet og Stavanger er flotte stopp dersom du legg ut på dagstur.

Felles for alle feriar til Suldal er gode opplevingar, nærleik til naturen og tid til å puste ut og ta dagane i eit rolegare tempo. Me ynskjer at du vaknar opp og kjenner på den friske lufta og fuglane som kvitrar. Me ynskjer at du tek tid under frukosten til å planlegge dagens eventyr. Me ynskjer at fokuset er på å vera i lag og å kjenne etter.

Ynskjer du fleire forslag til gode opplevingar i Suldal kan du lese her. Me høyrer også meir enn gjerne frå deg på suldal@visitsuldal.no eller via melding på Facebook og Instagram om du treng hjelp eller tips til planlegginga!