Høsebrua © Statens Vegvesen. Foto: Dag Jenssen
Høsebrua over elva
Blåsjø © Statkraft
Dam ved vannmagasin

Natur og arkitektur

Arkitektur
Fjell
Nasjonal Turistveg Ryfylke
Overnatting
Serveringsstad
Sykkel
Symjing
Vandring

Suldal er vasskraftshovudstaden i Noreg, der du i fjordbygdene våre finn deg sjølv i knytepunktet mellom vasskraft, vill natur og kraftarkitektur.

I denne pakken vil du brukar to dagar i den vesle bygda Nesflaten, med høge fjelltoppar og spegelblanke Suldalsvatnet som dine nærmaste naboar. Her bur du på kraftdesignhotellet Energihotellet som blei teikna av arkitekt Geir Grung i samband med Røldal-Suldal kraftutbygginga. Her kan du kose deg med ei bok og kaffi framføre gullpeisen eller nyte flott utsikt frå dei moderne romma. Inkludert er også ein tre-rettars middag basert på lokale råvarer. Nesflaten er også eit flott område for vandring, fiske, symjing og sykkel.

På turen vil du utforske kraftarkitekturen på Nesflaten, og ta den flotte arkitekturrundturen med stopp som prisvinnande Høsebrua, Ostasteidn, Almannajuvet og Svandalsfossen. Turen er ein del av våre Nasjonale Turistvegar.

I sommarhalvåret har du moglegheita til å ta bilen eller sykkelen innover fantastisk fjellandskap på Gullingen til Noregs største vassreservoar, Blåsjø. Blåsjø er sett saman av mange ulike dammar 1,000 meter over havet og har nok vatn til å dekke energibehovet i Stavanger over fire år.

Anbefalt program:

To netter på Energihotellet med frukost.

To 3-rettarsmiddagar bygd på lokale råvarer.

Avslappande dagar der dei gode opplevingane er i høgsetet.

Verdt å veta:

Arkitekturrundturen er rute er arrangert som ein tur ein kan ta på eiga hand, og er derfor godt egna for dei som kjem med bil. Det er mogleg å arrangere transport til ein ekstra kostnad.

Blåsjø er berre tilgjengeleg når snøen har smelta frå vegane. Kjem ein seg ikkje til Blåsjø kan ein finne flotte turar i rikt landskap andre stader i kommunen.

Turen kan bli tilpassa dine ynskje og behov.