Person som gøymer seg framføre kraftverk
Foto: TV Norge/71 NORD
To personar som padlar i fjord
Foto: TV Norge/71 NORD

Opplev Suldal som 71° NORD

Båt & sjøliv
Kajakk
Teltplass
Nasjonal Turistveg Ryfylke
Vandring
Utkikkspunkt

I årets sesong av 71 NORD TEAM reiser kjendislaga innom Suldal på si ferd gjennom Noreg. I skattkammeret vårt får dei oppleve rik natur, flotte fjordar og eit vestlandsvér som ikkje viste seg frå si mildaste side. Her kan du lese meir om korleis du kan oppleve Suldal på same måte som laga i 71 NORD, om enn litt meir komfortabelt og med mindre stressfaktor!  

 

Episode16: Ankomst til Suldal

Den 16. episoden av 71 NORD TEAMS 2022 blir avslutta med at dei to kjendislaga som er igjen i konkurransa kjem vegen frå Vindafjord inn til Suldal. Her kjempar dei for å koma først til den ytste delen av Fiskebergåsen, ein ås som ligg berre nokre meter frå kommunesenteret Sand skilt av området der utløpet frå lakseelva Suldalslågen møter Sandsfjorden.

 

I konkurransa vel laget med Alsgaard & Røtterud å køyre via Sandsfjordbru og RV13 til Sand, der dei berre vil ha nokre hundre meter å padle for å koma over til Fiskebergåsen. Laget stoppar likevel ikkje her, men lengre oppe ved Suldalslågen langs den gamle postvegen som tek ein forbi Sandsfossen, Høsebrua og det som er Noregs første laksestudio. Her tek dei seg over elva via Høsebrua og inn i det flotte turnettverket ved Fiskebergåsen. Turen herifrå ut til holmen ved Sandsfjorden er likevel lang og krevjande.

 

Laget Almaas & Schjølberg bestemmer seg for å ta ein annan veg til Fiskebergåsen. Dei stoppar bilen på Ropeid. Ropeid ligg på andre sida av Sandsfjorden mot Vindafjord, og har ein flott rasteplass og venterom som inngår i Nasjonal turistveg Ryfylke. Herifrå padlar dei over fjorden til holmen på Fiskebergåsen som ligg lett tilgjengeleg frå vatnet.

 

Kven kjem fram først?

 

Tips til turist-varianten av 71 NORD TEAM si oppleving av Suldal!

Det er enkelt å ta seg til Suldal både med bil og ved å ta i bruk fjorden. Frå fjorden kan ein ta båt innover Ryfylkebassenget frå Stavanger eller Haugesund. Med bil kan ein ta flotte Nasjonal turistveg Ryfylke frå Stavanger eller Røldal, eller ein kan ta turen frå Haugesund og Vindafjorden.

 

Kommunesenteret Sand er eit flott utgangspunkt for opplevingar i kommunen der det ligg med sine kvite trehus tett på Sandsfjorden og Suldalslågen. Her finn ein nisjebutikkar, kafear, museum, badestrand, kulturhus, badeland og meir. Ein har også turnettverket i Fiskebergåsen der ein får flott utsikt over strandstaden. Ønskjer ein seg ein meir storslegen tur kan ein ta seg opp til Hellandsnuten der ein får utsikt over fem fjordar. I området der Alsgaard & Røtterud kryssa over Suldalslågen via Høsebrua kan ein også sjå Sandsfossen og i sommarsesongen besøke Noregs første laksestudio. Suldalslågen er også ei av dei beste lakseelvene i landet. På suldalslagen.no og visitsuldal.no finn ein oversikt over grunneigarar som sel kort, og fleire tilbyr også overnatting i hytter tett på elva.

 

Ønskjer ein noko meir komfortabelt enn å ligge i telt i ruskande vestlandsver tett på kommunesenteret har ein flotte hotell og hytter tett i området rundt Sand der ein får utsikt over fjordar, fjell og Suldalslågen.

 

Episode 17: Ferda frå Hiimsvatnet til Suldalslågen

Etter ei overnatting på Fiskebergåsen ved Sandsfjorden og kommunesenteret Sand og servering av ei herleg hjortegryte frå Ryfylke fjordhotel/Træ Gården er det tid for konkurranse mellom dei to laga. Konkurransa går ut på å koma seg frå Hiimsvatnet, ned til kraftstasjonen Sand kraftverk og over Suldalslågen. Vidare skal dei ned til Juvåsen, via Mosåsen og Mo og ned til Garaneset. Heile løypa skal bli tatt utan å bli sett av dei som held vakt langs løypa og ein skal samtidig notere ned informasjon som kan vera av betydning. Fleire lokale krefter er knytt på for å gjera ferda ned til kraftstasjonen vanskeleg, der personane med hund er frå Suldal Hundefor og Utstyr, ATVen er frå Møgedal Mek. Verkstad og bilen er utlånt frå Terje Solheim.

 

Klarer dei å koma seg heile vegen utan å bli sett? Og kven kjem fram på kortast tid?

 

Tips til turist-varianten av 71 NORD TEAM si oppleving av Suldal!

Turen frå Suldalsvegen/RV13 opp til Hiimsvatnet er ein flott utflukt for heile familien, spesielt om ein slepp å gå i skogen slik som laga i 71 NORD. Då kan ein spasere på ein god traktorveg. Turen til Hiimsvatnet er berre ein av ei rekke flotte turar i Suldal. Alle grender har eigne turkart som ein kan få tak i på visitsuldal.no, Suldal turistinformasjon og utvalde butikkar.

 

Sand kraftverk er også eit viktig bygg i Suldal, som i dag er freda. Kraftverket sto ferdig i 1916, og dette blei difor året straumen blei sett på for første gong i kommunen. Sidan den gong har Suldal utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste kraftsentera i Noreg og Europa. Noregs største industriprosjekt i si tid, Røldal Suldal Kraft, Nord-Europas største vasskraftutbygging, Ulla Førre, og verdas lengste undersjøiske straumkabel, North Sea Link er alle knytt til kommunen. Den dag i dag kan ein besøke kraftarkitekturen frå Røldal Suldal Kraft på Nesflaten og i sommarsesongen kan ein besøke Noreg sitt største damanlegg Blåsjø. Desse områda er også flotte for tur, sykling og kjekke naturopplevingar.

 

Når laga tek turen over Suldalslågen kan ein tydeleg sjå at dette er ei elv med mykje kraft! Det er kanskje ikkje rart då dette er den mest vassrike elva på Vestlandet. Laga tek seg over i små raftar når Lasse frå Træ Gården, med selskapslokale, hytter og lakserettar, gir dei signal. Som turist i Suldal kan ein oppleve elva på fleire kjekke måtar. Ein kan mellom anna bli med Mo Laksegard på laksesafari og elverafting.

 

Saka blir oppdatert.