På skitur © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Fargeriet
Skileiken © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Skileiken

Påskeferie i Suldal

Arrangement

Velkommen til påskeferie i Suldal! Me håper de er klare for solbrilleskille, topptur, drøs i grendene og påskeeggjakt. Turistkontoret er denne påske ute i grendene for å møte deg. Her kan du ta Suldalsquizen og lære meir om dei gode opplevingane i Skattkammeret vårt.

Måndag 15.april 10:00-15:00: Vatlandsvåg kai

Tysdag 16. april 10:00-15:00: Butikkane på Osen

Onsdag 17. april 10:00-15:00: Gullinghuset/Mosvatnet

Laurday 20. april 10:00-15:00 Sand torg

Arrangement

Påska i år er fullpakka av aktivitetar og kjekke arrangement! På Ryfylkemuseet held dei påskeverkstad for dei mindre, det blir påsketorg med lokale produkt og quiz i Sand sentrum, Suldal Kulturhus har open kino og bowling og Kulp og Ryfylke Fjordhotel har  gode og tradisjonsrike middagstilbod for heile familien i vårsola. Informasjon om gode arrangement og aktivitetar i kommunen kan de finne i arrangementkalenderen vår her på VisitSuldal (klikk på "Kva skjer").

Tur-Orientering

Suldal O-lag har lagt ut ulike postar i Gullignen-området for dei som ynskjer å prøve seg på tur-orientering. Les meir om dette her.

I snøen

Så lenge snøen held blir det gode skiløyper i Mosvatnet-, Breiastølsdalen-, Hedlebrekk- og Hamrabøskiområde. Hugs å sjekke ut Facebooksida til "Løypekøyraren på Gullingen" for å sjekke forholda!

Velvære

Er det for tidleg å dyppe seg i fjorden? På Vikane Hyttetun og Mo Laksegard leiger dei ut stamp, som er varme på ved.

Laksesafari

Ta med familien på noko heilt utanom det vanlege! På Mo Laksegard kan de vera med på det verdskjende Laksesafarien. Dette er utanom laksesesonen, men opplevinga er likevel svært spesiell og noko de seint vil gløyme.

Lokalmat

Ta med deg familien på ei god matoppleving. Føl på det urbane atmosfæra på Brunsj, få heimelaga baguettar på Fargeriet eller nyt dagens middag hjå Kulp. På bestilling kan de få dagens to-rettars hjå Ryfylke Fjordhotel, fantastisk 3-rettars basert på lokale råvarer på Energihotellet og to-rettars med lang tradisjon hjå Mo Laksegard. Kva med å kombinere middagen med eit besøk til deira gardsbyggeri? Hjå Vikane Hyttetun kan de booke ein fantastisk kveld ved Suldalsvatnet med grilling og stamp.