Ryfylkedagane © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Menneske i prat
Laksefiske © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Laksefiske

Sommar i Suldal

Arrangement
Båt & sjøliv
Fiske
Fjell
Kunst & handverk
Næring

Endeleg skin sola over fjelltoppane og speglar seg i det lange fjordane. Museumstuna blir opna for sesongen og i bygdene våre er det liv og ei rekke kjekke arrangement. Velkommen til sommar i Suldal!

Langope og aktivitet i Sand sentrum

Strandstaden Sand er ei perle i Ryfylke og i sommarsesongen er torget travelt med menneske som slukkar tørsten ved kafeane, utforskar dei mange butikkane eller nyt fjordutsikta frå torget. Fargeriet held ope også ved Ronæs og Brunsj har sommarope ved Suldal Hotell. I sommar har også fleire av butikkane langope, og det er aktivitetar på torget kvar torsdag. Ein finn også Jelsajordbær på torget kvar dag så lenge sesongen held.

Meir informasjon finn du på Facebook-gruppa "Sand i Suldal".

Livlege grendesentrum

Lokalbutikkane i dei flotte grendene våre held også ope, og er perfekte besøk for ein iskrem-tur eller det ein manglar til hytta. Kva med ein tur til Vatlandsvåg for eit bad i fjorden eller ein tur innom Jelsa der ein held kyrkja ope kvar søndag?

Opne kyrkjer

Sand og Suldal kyrkje held ope for besøkjande onsdag-søndag mellom 15:00-18:00 fram til 28.juli. Her kan ein lære meir om historia til desse viktige kulturelle og historiske bygga. Flotte Jelsa kyrkje med den handmåla stjernehimmelen held også ope søndag mellom 12:00-15:00 i regi av Ryfylkemuseet.

Sommaropne museumstun

Kolbeinstveit og Litunet er opne for sesongen og tek i mot gjester. Her blir ein tatt tilbake til ei anna tid med gode historier og fantastisk utsikt utover Suldalsnaturen. Anlegga er flotte for borna å leike ved. Nesasjøhuset held også ope med flotte utstillingar i andre og tredje etasje.

Kino og bowling

På Suldal kulturhus finn ein kino, bowling og ei heilt ny utstilling. Få med deg dei siste filmane eller utfordre familien til ein runde i bowlinghallen!

Frå hytte til hytte

Suldalsheiane er flotte heile året, men ingenting er som å kome seg vekk frå den travle kvardagen og opp på fjellet. Stranddalen har besøk av ei rekke meisterkokkar gjennom sesongen for å setje ekstra stas på middagane. Fleire gonger i veka serverer ein også rykande fersk komle. Meir informasjon om dette under "Vandring"

Laksesafari

I sesongen kan privatpersonar få med seg laksesafari kvar onsdag og laurdag klokka 13:00. Ring Mo Laksegard for å booke minimum 24 timar i forkant. Grupper kan også prøve seg på aktivitetar som elvarafting og villmarkscamp.

Leige av e-sykkel

I Suldal finn ein ei rekke flotte sykkelruter. Kva med å utforske dei gamle anleggsvegane på Nesflaten, den tidlegare viking-heimen ved Hebnes, gardslivet på tur frå Sand til Grov eller ein tur rundt i Sand sentrum? Ein kan leige sykkel ved mellom anna Mo Laksegard, Energihotellet, Gullingen turistsenter, Joker Vatlandsvåg og Suldal turistkontor. Meir informasjon om dette finn ein under "Sykkel".

Vatn og fiske

I år feirar ein villaksens år med ny utstilling i laksestudio der ein kan kome ned for å sjå villaksen gjennom ei glasrute. Her er det også fleire aktivitetar for dei minste.

I sesongen kan ein også fiske i Hålandselva og i Suldalslågen. Ynskjer ein å fiske i fjellvatn har ein eit rikt og variert utval i Suldalsheiane og i Suldalsvatnet. Meir informasjon om dette finn ein under "jakt og fiske".

Ynskjer ein ut med båt eller kano kan ein leige dette frå Vikane Hyttetun eller Gullingen Turistsenter.

Turistkontor i historisk sus

Gjennom sommaren held Suldal turistkontor ope i den tidlegare lensmannsboligen på Fossheim, like ved Sandsfossen og Laksestudio. Her kan ein få Suldalsbrosjyra, turkart for alle grendene og mykje god informasjon.

Ein smak av Suldal

Kulp, Brunsj og Fargeriet held ope med ei rekke gode middagar og sommarrettar. I tillegg kan ein nyte god mat i uteserveringa ved elveosen ved Ryfylke Fjordhotel, ein guida tur i gardsbryggeriet ved Mo Laksegard, fire-rettarsmiddag ved Energihotellet eller grillkveld ved Suldalsvatnet for grupper ved Vikane Hyttetun.

Overnatting ved fjell, fjord, elv og vatn

I Suldal kan ein velge frå øvste hylle når det kjem til overnatting. Her kan du overnatte i ei hytte på eit tradisjonelt gardstun med utsikt over elva, du kan nyte storlagen utsikt frå vestlandets einaste designhotell, du kan campe på eit tidlegare lakseslott eller du kan ligge berre eit steinkast frå fjorden ved Ropeidhalvøya. Meir om dette under "overnatting".