Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Born som sit på brygge
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
Dame som kjøper blomar

Suldalsveka

Næring
Utstilling
Arrangement

Velkommen til kjekke handel- og aktivitetsdagar i Suldal haustferieveka frå 9.-17. oktober! Her kan du få med deg gode hausttilbod, herlege lunsjrettar til 100-lappen, kåring av beste verlam, kjekke kulturarrangement og andre gode samlingsstader. Full oversikt over programmet får du nedanfor.

Handelsstanden Sand held ope

Velkommen til ein god handel i kommunesenteret Sand med mange gode haustnyhende og - tilbod!

Måndag- fredag kl. 9.00-16.00

Torsdag kl. 9.00-18.00

Laurdag kl. 10.00-15.00

Matvarebutikkar, serveringsstader og bensinstasjonar har eigne opningstider

Bli med å samla stempel/signaturar hjå handelstanden Sand.

Stempelkortet finn du i ein butikk på Sand også nyttar du det kvar gong du handlar. Ved 8 stempel/signaturar frå butikkane er du med i trekkinga av ein gåvepakke frå Suldal til kr 3000,-. Lever ferdig utfylt stempelkort på ein av butikkane på Sand med telefonnummer i løpet av laurdag 16. oktober. Vinnaren blir kontakta søndag 17 oktober.

Lunsj for 100 kroner

Gjennom haustferien kan du få herlege lunsjrettar frå serveringsstadene våre. Kvar dag har dei eit tilbod på ein lunsjrett til 100-lappen frå kl. 12.00-15.00.

Oversikt over serveringsstadene:

• BRUNSJ

• Fargeriet Kafe

• KULP

• Ryfylke Fjordhotel (torsd-sønd)

Minimarknad og hauststemning

Velkommen til minimarknad på Sand torg og i Underbakke næringspark laurdag 9. og 16. okt. kl. 11.00-15.00. Møt lokale produsentar med handverk, mat og drikke.

Kåring av haustens beste vêrlam

Laurdag 9. okt. kl. 9.00-14.00 hjå Møgedal Mek. Verkstad.

Kulturhuset i Suldal inviterer til  haustlege aktivitetsdagar

Kino, bibliotek, bowling, kafé og aktivitetsdagar

13. oktober:

kl. 13.00: Ridder Aske møter trollet - familieframsyning.

kl. 19.30: Konsert m/Maria Thoresen

Sosial Gaming Suldal

Kulturhuset i Suldal og Suldal Bad inviterer unge til sosial gaming og aktiv esport - med Geeks Esport!

Torsdag, fredag, laurdag

14. til 16. oktober, kr 100,- p.p.

Påmelding frå 1. oktober.

Sjå detaljert program, kinoplakat og påmelding på nettsida:
www.suldal.kulturhus.no

Bademoro i Suldal Bad

Badeland med basseng for dei minste, stupetårn og klatrevegg, boblebad, terapibasseng, sklie mm.

Ope frå 12.00-18.00 heile haustferien unntatt måndag.

www.suldalbad.no        

Jubileumsfest for «Kvitebjørnen» - 10 år  på Ryfylkemuseet

Ei interaktiv utstillinga for små og store born.

I haustferien feirer Ryfylkemuseet tiårsjubileumet til utstillinga med gratis inngong for alle barn.

Jubileumskake og andre aktivitetar.

Ope kvar dag kl. 10.00-17.00.

www.ryfylkemuseet.no  

Ryfylke Fjordhotel

Har overnatting, servering og aktivitetar i haustferien.

Torsdag 14. oktober:

Pizza- og salatbuffet for heile familien frå kl 17:00. Kr 179,- (99 kr for dei under 12 år)

Fredag 15. oktober:

Pub quiz kl 20:00. Meld ditt lag på til booking@ryfylkebasecamp.no. innan 14/10. Maksimum 6 personar per lag. Kr. 100 per deltakar (inkluderer trubadurkveld).


Stemingsfull trubadurkveld i godt lag kl 22:00. Inngong: 100 kr/person.

Laurdag 16. oktober:

Pubkveld

www.ryfylkecamp.no    

Lag  ditt flottaste sitjeunderlag med tema "haust"

Levering og utstilling frå 9.- 15 oktober hjå Sand Blomster. Kåring laurdag 16. oktober på Garaneset. Finaste sitjeunderlaget vinn ein flott premie frå Perlesaum og Sand Blomster.

Sjøhuset pub

Endeleg opnar vår lokale pub!

9. og 16. oktober i haustferien frå kl. 21.00-02.00

Aldersgrense: 18 år

Meir informasjon?

Full oversikt over arrangementa i haustferien får du i arrangementskalenderen vår HER.

Arrangementet "Suldalsveka" blir heile tida oppdatert med ny informasjon. Du finn den på @VisitSuldal eller @SandiSuldal på Facebook.

Andre opplevingar

Tips til toppturar og kulturløyper, turkart og opplysningar om opningstider i haustferien finn du her på www.visitsuldal.no .

Spørsmål? Kontakt oss gjerne via mail på suldal@visitsuldal.no eller via chat på Facebook og Instagram.

Velkommen til Suldalsveka og haustferie i Suldal!