Personar i elva
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.
To personar i elv på laksefiske
Laksefiske © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Kortferie: Vatn & villaks

I Suldal finn du vestlandet mest vassrike elv, som strekk seg 22 km frå Sandsfjorden i søraust til Suldalsosen i Nordaust. Derifrå møter du Suldalsvatnet, som er den djupaste og største fjorden i Rogaland, som strekk seg heilt opp til grenda Nesflaten. Elva Suldalslågen er ei av dei beste lakseelvene i Noreg, og kvart år fyllest den opp av nasjonale og internasjonale fiskarar i håp om å fange storlaksen som elva er så kjend for. På denne kortferien kjem du tett på både elva, vatnet og villaksen vår!

Dag 1: Laksegard, laksesafari og villaks

Langs heile Suldalslågen finn du ei rekke grunneigarar som har rettar til laksefisket i Suldalslågen. Fleire av desse har også eigne hytter på garden der du kan overnatte med fantastisk utsikt over elva. Nokre stadar er du faktisk så tett på at du kan sjå laksen hoppe frå vindauget! Oversikt over desse hyttene finn du under "Mat & Overnatting".

Etter de har innlosjert dykk i hytta er tida inne for å utforske elva, og det er mange flotte opplevingar og aktivitetar knytt til elva vår. Dei fleste grunneigarane sel fiskekort til sitt strekke i elva i perioda juli-september, og kan gjerne kontaktast for dette. Her er det lurt å hugse på å vera ute i god tid då fiskekorta ofte blir kjøpt månadsvis i førevegen. Dersom det er første gong du er ute på fiske kan det vera lurt å få meg seg ein lokale guide i elva.

Dersom du ikkje sjølv ønskjer å stå i elva tilbyr Mo Laksegard sin spanande laksesafari der du flyt nedover elva, og dei som er heldige kan faktisk også få eit glimt av elva sitt sølv! Dei tilbyr også elveekspedisjon for dei som ønskjer ei litt rolegare oppleving. Her går ein i land ved elvebreidda der ein får servert lunsj og kaffi i det fri. På garden tilbyr dei også omsyning i eige gardsbryggeri og eit selskapsområde med eiga badstove og stamp.

Det finst også fleire flotte turstiar i området rundt og langs Suldalslågen, som mellom anna Sand safari-løypa, Førlandsøyane, rundtur på Suldalsosen og meir. Sjekk ut grendekarta våre under "Vandring" for meir informasjon.

Dag 2: Fjord, grendeliv og laksestudio

Etter kjekke dagar i elva ønskjer de kanskje eit lite avbrekk, og kva er vel då betre enn ein tur til kommunesenteret vårt, Sand, som ligg der Suldalslågen renn ut i Sandsfjorden. Blant kvite trehus tett lands fjorden finn de ei rekke flotte nisjebutikkar, kafear, museum, kulturhus og aktivitetar. Kva med ein lunsj ved Ryfylke fjordhotel der du frå restauranten med panoramautsikt over fjorden i sesong kan sjå laksen hoppe under si ferd oppover mot lakseelva. Hjå Brunsj der du kan nyte friske lunsjrettar, lokale Jordnær og nybrent kaffi på Sand torg. På Garaneset finn du også den flotte kafeen KULP.

I kort gåavstand frå Sand sentrum finn du Laksestudio, som er Noreg sitt aller første! Her kan du kikke inn i det femte trinnet i laksetrappa som er sett opp ved Sandsfossen der mange storlaksar går forbi kvart år. I utstillinga kan ein læra meir om denne unike laksearta, stridane rundt lakserettane og om korleis kraftutbyggingane har prega vassdraget.

Avslutt dagen med ein kajakk- eller SUP-tur ut på fjorden, ein gåtur i nærområdet eller kanskje eit besøk til vårt eige badeland Suldal Bad?

Dag 3: Aurefiske og ein kveld ved Suldalsvatnet

For å gjera vassopplevingane i Suldal komplett er det vel verdt ein tur til Suldalsvatnet som strekk seg frå Suldalsosen til Nesflaten. Her finn ein eit mangfald av fiskeartar, sjølv om det kanskje er auren vatnet er mest kjend for!  Leig deg gjerne ein båt, kano eller kajakk frå Vikane Hyttetun eller Energihotellet til å legge ut på vatnet med. Energihotellet tilbyr også guida opplevingar. I sommarsesongen held museumsgarden Kolbeinstveit ope, med eige brygge ved vatnet. Stopp gjerne innom for ei omsyning, vaflar og kankje ein lokalmattallerken?

På kvelden har du mange flotte overnattingsmoglegheiter. På Nesflaten kan du overnatte på vårt eige designhotell, Energihotellet, med panoramautsikt over Suldalsvatnet. Dei har også tilgong på eige oppvarma utandørsbasseng. Hjå Vikane Hyttetun ligg du i eiga hytte tett på vatnet, der dei har eiga grillhytte og badstamp som du kan leige ved vasskanten. Du har også flotte alternativ som Osa-Bu med eiga grillhytte, kort avstand frå Suldalsvatnet.

I området rundt Suldalsosen og Nesflaten finn du også mange flotte turopplevingar. Du finn turkart for områda under "vandring".

Pris og bestilling?

Denne kortferien blir skreddarsydd etter behov og ønskje, og kan kombinerast med ei rekke andre opplevingar og overnattingsstader. Dette kan du utforske vidare her på VisitSuldal.no.


Ta kontakt med oss i Visit Suldal for meir informasjon og tips til ein innhaldsrik ferie i Skattkammeret Suldal.

No items found.

Tilknytta Skattar

No items found.

Mat & overnatting

No items found.

Fleire Bli inspirert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.