Breiastølsdalen © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Mennesker i skiløype
Hyttekos © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Menneske rundt bord i hytte

Vinterferie i Suldal

På ski
Arrangement
Fjell
Kunst & handverk

Vinteren har kome til fjordane, fjella, dalane og bygdene våre, og me ynskjer deg velkommen til gode dagar i Skattkammeret Suldal! Få med deg barnevennlege lysløyper og utfordrande toppturar på fjellet,  hiv deg utfor Rogalands einaste skitrekk med kjelkekøyring eller slå deg ned for god drøs på kafeane, ta deg ein god tur innom i våre nærbutikkar eller utfordre familien til bowling på Suldal kulturhus, besøk våre utstillingar eller avslutt ein lang dag i vedfyrt stamp medan den kalde lufta famnar om deg.

Topp vinteraktivitetar for born

Skileiken på GullingenTuristsenter og Breiastølsdalen. Kven klarer seg ned heile kulebakken?

Suldal Bowling på Suldal kulturhus. Utfordre familien til ein serie, eller meld dykk på eit kurs! Her kan de også få med dykk kjekke kinoar som går gjennom heile veka.

Kvitebjørn-utstillinga på Nesasjøhuset. Kle deg ut som konge og prinsesse, dans i speglsalenog høyr Kvitebjørnens historie.

❏  Kjelkekøyring i skitrekket! Få med deg familien på kjelkekøyring i skibakken eller prøv deg på barnebakken på heile 160 meter!

Topp 5 vinteraktivitetar

Skiturar ved Mosvatnet, Breiastølsdalenog Hedlebrekkskiområde. Her finst det uendelege moglegheiter i trakka og kvista løyper. Følg Løypekjørarenpå Facebook.com/Loypekjorarenfor oppdatering på rutene.
Laksesafari. Flyt nedover Vestlandets største elv medan du nyt vinterlandskapet som passerer deg på begge sider. Mo Laksegard opnar for safari så snart vassføringa er høg nok.

Skitrekket til GullingTuristsenter og Fjellcamping. Skitrekket har over 800 meter med løype, inkludert eigen barnebakke. Dei er også det einaste skisenteret i Rogaland som tilbyr kjelkekøyring i bakke.

Vedfyrtstamp. På Mo Laksegard og Vikane Hyttetun kan du og familien slappe av i vedfyrtstamp etter ein lang dag i snøen.

Kino og bowling. Suldal kulturhus er et aktivt senter som viser alle dei store filmane, har tre bowlingbanar og gode moglegheiter for leige av bøker og e-bøker.

#VisitSuldal

Me vil vite kva du tenker er dei beste opplevingane i Suldal! På #VisitSuldal på Instagram kan du sjå og dele gode opplevingar saman med andre frå heile kommunen.