Sand sentrum © Skattkammeret Suldal. Foto: RyfylkeFotografen
Sand sentrum
På hytta © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Dame med ski utanføre hytte

Vinterferie i Suldal!

På ski
Næring
Overnatting
Arrangement
Serveringsstad
Symjing

Vinterferien har ein heilt eigen sjarm med nytrakka skispor, sekkar fulle av appelsinar og kakao, varme kafelokale som luktar av heimelaga middag og gode arrangement og opplevingar utover dei flotte grendene våre. Her får du informasjon om opningstider i vinterferieveka og tips til kjekke aktivitetar for heile familier.

Vinterferie på Nesasjøhuset
Nesasjøhuset markerer den «Internasjonale Isbjørndagen» vinterferieveka med med hobbyverkstad med isbjørntema og  rebusløype!

Opningstider
Ope kvar dag: 11:00-15:00
Torsdag: 11:00-18:00

Pris: 60 NOK/person

Suldal Bad
Fleire tusen har besøkt Suldal Bad sidan det opna i desember. Her får du symjebasseng, terapibad, utandørs Jacuzzi, sauna og klatrevegg.

Opningstider
Mandag-fredag: 15:00-20:00
Laurdag: 10:00-17:00

Prisar finn du her.

Bowling, kino og bibliotek
Kulturhuset i Suldal er ein sentrum for gode kulturelle opplevingar i kommunen. Dei viser dei nyaste kinoane fleire gonger i veka, og inviterer til konsert og mykje anna kjekt.

Opningstider
Kino kvar dag: 13:00
Les meir her.

Pris: 180 NOK/vaksen og 150 NOK/born

Kommunesenteret
I kommunesenteret Sand finn ein ei rekke flotte lokalebutikkar og gode kafear mellom idylliske kvite trehus berre eit steinkast frå fjorden.

Opningstider
Måndag-fredag: 09:00-16:00
Torsdag:  09:00-18:00
Laurdag 10:00-15:00      

Bensinstasjonar og serveringsstader eigne opningstider.

"Suldal i 100".

Denne vinterferien er Suldal heilt i hundre, og markerer dette med ei rekke gode tilbod, aktivitetar og arrangement! Her kan ein sikre seg ein god middag til 100-lappen, andre stader får ein 100 kroner avslag og ein kan utfordre familien til å ta 100 meter i symjing! Arrangementet finn ein på Sand i Suldal si Facebook-gruppe.

Vedfyrt stamp.

Ved Vikane Hyttetun og Mo Laksegard kan ein leige seg ein vedfyrt stamp som ein får for seg sjølve heile kvelden. Med fantastisk utsikt over elva eller Suldalsvatnet kan ein nyte ein kveld i godt lag.

Fire-rettars middag basert på lokale råvarer.

Ved Enegihotellet kan ein nyte ein fantastisk fire-rettars middag basert på gode, lokale råvarer tilbredt av deira eigen kokk. Ein kan bestille via nettsida deira her.

Skitrekk og skileik.

Skitrekket ved Gullingen har opna for sesongen. Ved Gullingen turistsenter og ved inngangen til Breiastølsdalen skiområde finn ein også flotte skileikar dei ein kan hive seg ned kulebakken og skihoppet.

Søndagsmiddag.

Ryfylke fjordhotel inviterer til søndagsmiddag kvar veke denne våren. Menyen legg dei ut på Facebook sida si her.

Andre arrangement.

Alle arrangement finn du i kalenderen vår på VisitSuldal.no her.


Me ynskjer deg og dine ein riktig fin vinter i Skattkammeret. Har de spørsmål eller ynskjer tips til gode opplevingar er me alltid tilgjengelege på suldal@visitsuldal.no.