Jente som badar i vatn
Bading © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Berekraftig reisemål

I 2020 mottok Suldal kommune Innovasjon Norge sitt merke for berekraftig reisemål. Merket er eit verktøy for reisemål som ønskjer å arbeide langsiktig for ein mer berekraftig utvikling gjennom involvering, ansvarleg styring og verdiskaping. Her kartleggjer ein kriterie innanfor miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Merkeordninga legg til rette for at reisemålet kontinuerlig arbeider for å utvikle eit berekraftig reisemål gjennom forretningspraksis og sitt forhold til lokalsamfunnet.

Under overrekkinga av merket uttalte næringsminister Iselin Nybø følgjande:

- Gratulera så mykje til Suldal med Merket for berekraftig reisemål. Arbeidet som er lagt ned for å kvalifisere seg har vore omfattande. Eg kjenner godt til kommunen og er spesielt begeistra for den heilskaplege tilnærminga prosjektleiinga i Suldal har valgt. Reiselivsaktivitet påverkar hiele lokalsamfunnet og då er det viktig at alle blir involvert.

Du kan lese meir om korleis Suldal arbeider med berekraft under våre berekraftsider.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida