vertar ved turistinformasjonen
© Suldal Vekst

Resultat frå sommarsesongen 2020

Etter det som har vore og fremleis er ei spesiell og vanskelig tid, spesielt for reiselivsnæringa, er me særs glade for å sjå gode resultat og tilbakemeldingar etter sommarsesongen 2020 i Suldal.

Her er nokre av resultata frå sommaren 2020:

  • Ein har til saman hatt 4600 besøkjande ved Suldal turistinformasjon og Laksestudio. Dette er ei halvering i besøkjande til Laksestudio frå tidlegare år, noko som også er eit resultat av kortare sesong og kortare opningstider. Ein har har sett ei auke i besøkjande ved Suldal turistkontor.
  • Ein har sett ei auke i besøkjande ved dei sommaropne kyrkjene i Suldal.
  • Ein har utvikla ei rekke ulike kampanjar som "Skattejakta i Suldal", "Handle lokalt! kampanje", "Suldalsløftet" og meir.
  • Ein har også køyrd kampanjar i samarbeid med Reisemål Ryfylke, Ryfylkealliansen, TV Haugaland og NHO Rogaland.
  • Ein har til saman hatt 1,200,000 visningar av Visit Suldal sine eigne kampanjar i sosiale kanalar
  • Det har til saman vore 11,000 klikk inn til visitsuldal.no sine sider via Visit Suldal sine eigne kampanjar
  • Ein har sett ei auke på 30,000 besøk til Visit Suldal sine nettsider gjennom sommarsesongen samanlikna med same periode i fjor

Ønskjer ein meir informasjon om resultat frå sommarsesongen 2020 kan ein kontakte oss på suldal@visitsuldal.no.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida