Mann som flyt nedover elv.
Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Studietur til Suldal

Turisme og reiseliv har alltid stått sterkt i Suldalssamfunnet med ei reiselivshistorie som strekk seg heilt tilbake til 1800-talet med laksefiskarar frå England, nordmenn på pilegrimsferd og Thomas Cook si første pakkereise frå England til Noreg. Den dag i dag er reiselivet ei viktig næring for kommunen Suldal, med ei samla verdiskaping på over 200 millionar kroner og omtrent 2000 hytter. På studietur til Suldal kan du kombinere godt fagleg innhald med flotte natur- og kulturopplevingar tett på vestlandets mest vassrike elv, dei høgaste toppane i Rogaland og flotte reiselivsverksemder.

Berekraftig reisemålsutvikling

Berekraftig utvikling har vore viktig for Suldalssamfunnet gjennom generasjonar der vern om tradisjonar og naturverdiar spelar på lag med nye idear og utvikling. Suldal er mellom anna heim til store vasskraft- og industriprosjekt samstundes som ein arbeider for ivaretaking av verneområde, kulturminne og villaksstamma i Suldalslågen. I 2020 fekk Suldal det nasjonale merket «Berekraftig reisemål» som gir ein verktøy og arbeidsmåtar for å sikre berekraftig reiselivsutvikling der sosiale, miljømessige og økonomiske verdiar står sterkt. Fleire og fleire bedrifter blir i dag miljøsertifiserte og Suldal har den første grøne festivalen i regionen: Ryfylkedagane.

På studietur til Suldal kan ein sjå korleis ein praktisk arbeider med berekraftig reiselivsutvikling på kommunalt nivå der ein kan få innsikt i arbeidet med «Berekraftig reisemål»-merking, besøke miljøsertifiserte verksemder og møte med festivalleiinga til den grøne festivalen Ryfylkedagane. Her får du oversikt over grøne opplevingar i Suldal.

Kulturhistorisk opplevingsutvikling

Suldal arbeider aktivt for å vera ein attraktiv og framtidsretta turistdestinasjon der kommunen og regionen si historie og sine tradisjonar framleis står sterkt i reiselivsproduktet. Laksefiske er i dag like ettertrakta som det var på 1800-talet, gjennom «Discovery Route» produktet har ein introdusert ei historisk rute som tidlegare blei opplevd med hest og kjerre, Ryfylkemuseet bring historia til live på sine museumstun og krafthistoria har sett Suldal på kartet innanfor ingeniørkunst og arkitektur. Arkitekturrundturen Suldal-Sauda-Røldal byr på arkitektur i verdsklasse, og er den einaste ruta som tilbyr moderne og historiske arkitektur i eit dagsformat.

På studietur til Suldal kan ein besøke ulike reiselivsbedrifter for å få eit innblikk i korleis historie, tradisjonar og kultur blir nytta til å skapa innovative og framtidsretta reiselivsprodukt. Du kan også besøke regionsmuseet Ryfylkemuseet, lera meir om Discovery Route-produktet og bli med på opplevingsworkshop. Det faglege innhaldet kan kombinerast med laksesafari, besøk i villmarkscamp, tur på fjorden, gode vandreruter, besøk til det eldste laksestudioet i Noreg og mykje meir.

Organisering av reiselivet i distrikta

Suldal er geografisk den største kommunen i Rogaland og den tredje største på Vestlandet. Til saman bur det i underkant av 4000 personar her fordelt på ei rekke ulike grender. For å sikre strategisk utvikling av reiselivskommunen spelar ein på lag på tvers av ulike bransjar i næringslivet, frivillige organisasjonar, eldsjeler, reiselivsverksemder og grender.

På studietur til Suldal kan du lera meir om ein skapar konkurransedyktigheit i distrikta ved å spele på integriteten til Suldal som ein mindre vestlandskommune. Her kan du møte med næringshagen Suldal Vekst, du kan besøke ulike lokale reiselivsverksemder og du kan bli med på utviklings-workshop. Det faglege innhaldet kan kombinerast med lokalmat, overnatting ved lokale reiselivsverksemder, eit besøk i Suldal sitt eige badeland og ei rekke andre gode opplevingar.

Pakketur, transport og guiding

Du kan velje å skreddarsy din eigen tur eller få hjelp til organisering og transport. Suldalsbussen tilbyr turbussar for alle behov frå komfortable minibussar til store turbussar som kan hente gruppa der du ønskjer. Sjåførane deira har lang historie frå Suldal og kan tilby di gruppe personleg guiding gjennom heile studieturen. Dei har også arbeide saman med deg for å skreddarsy opplevingar etter dine ønskje. Ta kontakt med Suldalsbussen direkte for ein uforpliktande prat.

Kontakt Visit Suldal  på suldal@visitsuldal.no for meir informasjon om moglegheitene for studieturen og fagleg innhald.

Klikk her for å lese meir om studieturar til Suldal.

Sjå vedleggSjå vedleggSjå vedlegg
Tilbake til Bransjesida