Frå:
8/10/2019
5:00 pm
Sand
Til:
8/10/2019
5:45 pm
Askeladden Friteater
Askeladden Friteater

Askeladden og Gullfuglen

Ei familieforestilling som passar for barn frå 2 år og opp.
Det var ein gong ein Konge som hadde ein hage. I den hagen sto eit epletre, og på det epletreet voks det kvart år eit gulleple; men når det lei mot den tida at dei skulle til å plukke det, så var det borte. Ingen visste kven som tok det eller kor det blei av det. Kongen blei sint og lova at den som kunne fakke epletjuven skulle få Prinsessa og det halve kongeriket. Då det lei mot haust kom Askeladden til Kongsgården og sa til Kongen at han nok skulle greie å fange epletjuven. Askeladden tok plass under epletreet og rett som det var, skein det noko som ei sol, slik at han såg kvar fjør på fuglen, lenge før den rakk fram. I det same gullfuglen slo ned og tok eplet, ville Askeladden ta han, men han fekk berre ei fjør av stjerten på han. Askeladden drog så i veg for å fange fuglen; for han hadde då vore så nær at han hadde bitt seg merke i den og fått ei fjør av stjerten på han. Askeladden, Gullfuglen, Kongen, Trollet, Reven og Prinsessa er med i denne spennande og sprudlande nye framsyninga frå Askeladden Friteater. Gøy for store og små! Varar ca.: 40 min. Målgruppe: Barn frå 2 år/familie.

«Koss komme di på det?», spør ofte folk når dei høyrer på Kvindesland og Skjæveland. Nå får du svaret. Skaff deg billett kjapt, duoen har tidlegare spelt for fulle hus i Stavanger.

Radioprogrammet Utakt rundar altså 10 år, og festen feirer dei i Ryfylke! Me kjenner stemmene til Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, både frå Lokalen og Utakt i NRK P1: Radarparet som spreier latter, kunnskap, galskap og varme gjennom radioapparatet. Nå oppsummerer dei radio-livet så langt. I denne framsyninga får du bli med inn i studio og oppleve korleis det eigentleg føregår, og kvifor ting blei som det blei.

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
8/10/2019
, klokka
5:00 pm
Arrangementet slutter:
8/10/2019
, klokka
October
Prisar:
100 kr
Arrangementet starter:
8/10/2019
, klokka
5:00 pm
Arrangementet slutter:
8/10/2019
, klokka
5:45 pm
Type arrangement:
Førestilling
Passar for:
Barn
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Kulturhuset i Suldal
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no