Frå:
24/10/2020
1:00 pm
Sand
Til:
24/10/2020
2:00 pm

Bare Egil og Aslags Superpopulære barneshow

Bare Egil og Aslags Superpopulære barneshow for barn frå 6 år.
Aslag Guttormsgaard og Egil Hegerberg har spelt saman i over 20 år i band som Hurra Torpedo og Black Debbath. Aslag er også velkjent frå diverse roller i barne-TV-seriar som Hønsemannen, Lesekorpset og Kometkameratene. Egil er kjent frå TV-program som Brille og Nytt på nytt og sitt eige Bare Egil Band, som har vist seg å ha stor gjennomslagskraft både blant barn og vaksne. Saman presenterer dei eit superpopulært barneshow i grenseland mellom konsert og teaterstykke. Etter meir enn 200 framsyningar både i regi av Rikskonsertene, Den kulturelle skulesekken og diverse kulturhus og andre konsertscener er showet godt innøvd, men med ekstremt mykje publikums-involvering er aldri to framsyningar like. Dette er nemlig eit svært morosamt, men til tider også svært utfordrande show for barna. Her får dei ofte sitt første brutale møte med alt frå ironi til ein del ubehagelege sanningar som dei kanskje ikke er heilt vant til å høyre, som at barn faktisk er ein god del dummare enn vaksne og at dei også er svært bråkete. Dette siste er på mange måtar ein ssjølvoppfyllande profeti- for det blir som regel eit voldsamt engasjement i publikum. Passar best for barn frå 6 år og oppover.
Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
24/10/2020
, klokka
1:00 pm
Arrangementet slutter:
24/10/2020
, klokka
October
Prisar:
100
Arrangementet starter:
24/10/2020
, klokka
1:00 pm
Arrangementet slutter:
24/10/2020
, klokka
2:00 pm
Type arrangement:
Førestilling
Passar for:
Barn
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Kulturhuset i Suldal
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no