Frå:
8/2/2020
7:00 pm
Sand
Til:
8/2/2020
8:30 pm

Bjørn Berge - solo

Bjørn Berge er ein av Europas aller beste blues-gitaristar. I februar kjem han til Sand i Suldal.
Me inviterer til ein triveleg kveld med ompa, pølser, allsong og litt meir. Ta på deg oktoberfestkleda og bli med, eller kom som du er. Me opnar dørene kl 2000 og billett kjøper du ved inngongen. VELKOMMEN!

Etter nesten 20 år som artist er Bjørn Berge eit velkjent namn for publikum i rock- og bluesleiren. Berge har fått to Spelemannprisar og han har spelt på blues- og rockefestivalar og –scener i store deler av verda: Belgia, Canada, Danmark, England, Frankrike, Nederland, Russland, Sveits, Tyskland, Ukraina og USA og fleire.

Bjørn Berge - solo
8. februar kjem han til Sand i Suldal. Då er det gått akkurat eitt år sidan han slapp sitt splitter nye album. Bjørn Berge «Who else?» inneheld ni nye låtar, og alt materialet er denne gongen eigenkomponert. Dette har ført til at musikken er proppa full av energi og dynamikk, og attpåtil tatt i ein ny, spennande retning.

Dei som likar Bjørn Berges musikk og gitarspel frå tidlegare vil definitivt ikkje bli skuffa. Her snakkar vi drivande tette blues- og rockelåtar ispedd pustepausar undervegs!

Mester med gitaren
Bjørn Berge sin ”fingerstyle” og energi er det ikkje mange som gjer etter han, og det unike nivået han held har gjort Berge til ein ettertrakta artist og gitarist ute i verda. Bjørn Berge opptrer stort sett åleine på scena, og det gir han rom for eigne tolkningar og improvisering, ikkje minst i livesamanheng.

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
8/2/2020
, klokka
7:00 pm
Arrangementet slutter:
8/2/2020
, klokka
February
Prisar:
300 NOK
Arrangementet starter:
8/2/2020
, klokka
7:00 pm
Arrangementet slutter:
8/2/2020
, klokka
8:30 pm
Type arrangement:
Musikk/konsert
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Kulturhuset i Suldal
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no