Frå:
17/12/2021
7:00 pm
Sand
Til:
17/12/2021
8:30 pm

Bjørn Eidsvåg med band

Bjørn Eidsvåg med band inntar Suldal!

I haust skal Bjørn gjere det han likar aller best, nemleg leggje ut på vegen og besøke landets krikar og krokar. Med seg til Suldal har han sitt fremragande band og ein rikhaldig katalog med kjente og kjære låtar.


«Eg og bandet ser stort fram til å innta Kulturhuset i Suldal. Etter eit stille 2020 skal det bli fint å møte publikum igjen. Gamle låtar skal pussast opp, nyare låtar skal presenterast og kjente songar skal spelast som dei er. Blir moro!», fortel Eidsvåg.


Med 28 album og ei ekstraordinær formidlingsevne har Bjørn Eidsvåg opparbeidd seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrive ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Han er ein songar og ein historieforteljar som publikum vender tilbake til år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg er ei oppleving som eignar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
17/12/2021
, klokka
7:00 pm
Arrangementet slutter:
17/12/2021
, klokka
December
Prisar:
495
Arrangementet starter:
17/12/2021
, klokka
7:00 pm
Arrangementet slutter:
17/12/2021
, klokka
8:30 pm
Type arrangement:
Musikk/konsert
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Kulturhuset i Suldal
Telefon:
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no