Jelsa kyrkje har med si historie og interiør fanga interessa til Øystein i nær 50 år både som kyrkjegjengar og kyrkjetenar. I løpet av desse åra har han samla og vidareformidla stoff om dette temaet, og det er også det han ønsker å gjera med denne boka. Med denne boka vil mykje, og viktig, informasjon om den største kulturskatten vår vere samla i ein perm – og for framtida.
I boka fortel Øystein blant anna om; stjernehimmelen, Limoges-krusifikset, kyrkjesølv, Marcille Riiberg si kiste, prestar på Jelsa og mykje mykje meir.
Visste du for eksempel at apostlane avbilda i kortaket på Jelsa kyrkje fortel om måten dei leid martyr-døden på, yrket deira eller legender dei er knytta til(?) Ein felles attributt for dei fleste av dei tolv er ein skriftrull eller bok.
Boka er i heilheit dekka av eigen innsats og finansiering, Jelsa sokneråd og Tettstadsprosjektet på Jelsa, og er i desse dagar i trykk. Inntekt av sal av boka vil gå direkte til Jelsa kyrkje.