kl 2000: Konsertar -
Amelie Aldner (song, piano) +
LILLEBO & STUBSVEEN
Musikalsk vert: Mark Laurenson.
Etter konsertane: Jam, tull, prat og mat! Den som vil kan klemma og dansa fredagspolka!!
Inngang kr 250,- (eller kjøp deg årskort, men kanskje litt seint no, då)
---------
LILLEBO & STUBSVEEN
Anders Lillebo (trøorgel, munnspel), Sigrid Stubsveen (fele)
Duoen spelar folkemusikk frå Engerdal. Plassert i Østerdalen, på grensa til Sverige, er Engerdal eit område med ein rik og unik folkemusikkarv. Dei karrige omgjevnadene som i hundrevis av år har prega folk sine liv i desse områda vert spegla i folkemusikken gjennom drivande rytmar og rein råskap. Engerdølane Anders og Sigrid presenterer engerdalsmusikken i samspelsform på ein utilslørt måte, og beviser at musikken er like aktuell i dag som han har vore nokonsinne! Debutplata «Engerdal» kom i mars 2021 og det er også verdt å nemna at Sigrid vart kåra til Årets unge folkemusikar i 2020.
------------------------------------
AMELIE ALDNER er songar og låtskrivar som til alle si store glede har etablert seg i Suldal med familien på fem. Amelie har ein sjelfull stemme og eit unikt nærvære på scena. Ho har ein rik bakgrunn som klassisk songar med utdanning frå Norges musikkhøgskole og Operahøgskolen i Oslo, og ho har arbeidserfaring som solist mellom anna frå Den norske opera og ballett. Amelie er vaksen opp med pop, soul og rock, og dei siste åra har ho gått tilbake til røtene sine og etablert seg som popartist. På kveldens vesle konsert, får me høyra både eige materiale og coverlåtar av store songerinner.
____________________________
BRUNSJ serverer mat og drikke!
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
11. nov: Lady Hardanger + Geitungen
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj.