Frå:
18/10/2019
5:00 pm
Sand
Til:
18/10/2019
9:55 pm
Stampestuen, Foto:Ingvil Skeie Ljones
Stampestuen, Foto: Ingvil Skeie Ljones

FOLK på FREDAG: Skogen og Stampestuen

FOLK PÅ FREDAG er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.
Me inviterer til ein triveleg kveld med ompa, pølser, allsong og litt meir. Ta på deg oktoberfestkleda og bli med, eller kom som du er. Me opnar dørene kl 2000 og billett kjøper du ved inngongen. VELKOMMEN!

FOLK PÅ FREDAG er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar. Ikveld har vi på scenen: Anne Elisebeth Skogen og STAMPESTUEN.

Anne Elisebeth Skogen har drive som profesjonell forteljar dei siste tretten åra, og har vore spesielt oppteken av det første norske reisefølgjet som utvandra frå Stavanger til Amerika i 1825. Med base i Suldal har Anne Elisebeth turnert på skular og delteke på festivalar og arrangement i Norge og USA med førestillinga «With Restauration through Hell Gate to The Promised Land». I kveld tilfører ho kjøt på beina til emigrantvisene me får høyra frå Stampestuen etterkvart. Med enkle verkemiddel dreg ho oss inn i ei anna tid og ei anna verd utan at me nesten merkar det.

STAMPESTUEN
Beate Børli Løkken (vokal, salmodikon), Annar By (gitar, vokal), Anders Lillebo (trøorgel, piano, fløyte), Jon Hjellum Brodal (fele, hardingfele).

Stampestuen har namnet sitt frå ein husmannsplass i Stor-Elvdal. Beate sin tipp tipp-oldefar, Ola Andreassen Stampstuen (1818-1900) budde der, og gjekk under namnet Stampstu-gammer’n. Stova symboliserer på en god måte husmennene og kvardagsmenneska som er opphavet til musikken Stampestuen har fordjupa seg i. Med gamle emigrantviser dreg dei oss inn i stemningar av håp, spenning og vemod frå skjebnane til dei som utvandra til Amerika.

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
18/10/2019
, klokka
5:00 pm
Arrangementet slutter:
18/10/2019
, klokka
October
Prisar:
250 NOK
Arrangementet starter:
18/10/2019
, klokka
5:00 pm
Arrangementet slutter:
18/10/2019
, klokka
9:55 pm
Type arrangement:
Musikk/konsert
Førestilling
Festival
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Åshild Vetrhus
Telefon:
52792950
E-post:
post@ryfylkemuseet.no