Frå:
21/9/2019
1:00 pm
Sand
Til:
12/10/2019
1:00 pm

Fotoutstilling med fotograf Ronny Østnes

Fotoutstilling av fotograf Ronny Østnes
For første gong har Ryfylke Kunstlag gleda av å visa fram ei fotoutstilling. Utstillinga opnar i Allrommet i Kulturhuset 21. September. Det vert musikk ved Distriktmusikarane. Fotograf Ronny Østnes har i over ti år reist til Roma og Venezia for å vere der med heile seg. I desse møta med kunsten, arkitekturen, historia, mystikken, og det åndelege som susar i veggene, har han ofte tenkt at i dag fotograferer eg ikkje. Det er viktig å berre ta inn, og la kamera liggje i sekken. For å klare å fotografera, er det noko som er absolutt nøvendig, meinar fotografen sjølv. Det er heilt avgjerande å få kjenne på kor ein er. Kvar reise har sakte, men sikkert, bygd opp til utstillinga som denne hausten vandrar gjennom 7 kommunar i Ryfylke. Det 70 år gamle kamera er som vanleg med Ronny på hans større prosjekter. Med dette fangar han langsamt, på sin meir og meir eigenarta måte, noko sjeleleg som ikkje alltid kan forklarast. Det vert og loddsalg på eit av Østnes sine bilder. Kontant og vipps.

«Koss komme di på det?», spør ofte folk når dei høyrer på Kvindesland og Skjæveland. Nå får du svaret. Skaff deg billett kjapt, duoen har tidlegare spelt for fulle hus i Stavanger.

Radioprogrammet Utakt rundar altså 10 år, og festen feirer dei i Ryfylke! Me kjenner stemmene til Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, både frå Lokalen og Utakt i NRK P1: Radarparet som spreier latter, kunnskap, galskap og varme gjennom radioapparatet. Nå oppsummerer dei radio-livet så langt. I denne framsyninga får du bli med inn i studio og oppleve korleis det eigentleg føregår, og kvifor ting blei som det blei.

Stad:
Sand
/
Kulturhuset i Suldal
Arrangementet starter:
21/9/2019
, klokka
1:00 pm
Arrangementet slutter:
12/10/2019
, klokka
October
Prisar:
Gratis
Arrangementet starter:
21/9/2019
, klokka
1:00 pm
Arrangementet slutter:
12/10/2019
, klokka
1:00 pm
Type arrangement:
Utstilling
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Ryfylke Kunstlag
Telefon:
91396104
E-post:
post@ryfylke-kunstlag.no