Laurdag 27. februar kjem biletbokforfattar og bandmedlem Vegard Markhus til Kulturhuset i Suldal.
Han skal lesa frå ei av bøkene sine, spela litt gitar og teikna for barna i allrommet. Dette er eit gratis arrangement!
Deretter blir det rockekonsert i storsalen med bandet Naboen min saman med Bjørnar Sangolt, Einar Olsson og Eirik Utne. Desse tre er alle erfarne musikarar frå mange ulike band. Til dette arrangementet må du kjøpa billett: https://www.facebook.com/events/3193745210726345
Vegard Markhus har sidan debuten i 2008 gitt ut fem biletbøker og tre barnebøker. Mange av bøkene til Markhus er humoristiske og illustrasjonane like eins. Her er mykje å spinna vidare på og snakka om for fantasifulle barn og vaksne. I 2010 fekk han Nynorsk barnebokpris for Timothy mister seg sjølv. I tillegg til å vera forfattar og illustratør, er Vegard Markhus lærar. Han besøker gjerne bibliotek, barnehagar og skuleklassar med bokframsyningar. Når han kjem og vitjar Suldal i februar, er det Ei kjedeleg bok, gitaren sin og ei svær teikneblokk han har med seg.