«Koss komme di på det?», spør ofte folk når dei høyrer på Kvindesland og Skjæveland. Nå får du svaret. Skaff deg billett kjapt, duoen har tidlegare spelt for fulle hus i Stavanger.
Radioprogrammet Utakt rundar altså 10 år, og festen feirer dei i Ryfylke! Me kjenner stemmene til Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, både frå Lokalen og Utakt i NRK P1: Radarparet som spreier latter, kunnskap, galskap og varme gjennom radioapparatet. Nå oppsummerer dei radio-livet så langt. I denne framsyninga får du bli med inn i studio og oppleve korleis det eigentleg føregår, og kvifor ting blei som det blei.