At Askeladden er glad i å ferdast rundt på leiting etter ting, eller på veg til kongsgarden for å målbinde ei prinsesse, er noko alle som kjenner Asbjørnsen og Moes eventyr veit. Når Askeladden møter Trollet på Hedalsskogen, dei tre Bukkene Bruse, finn fela til Veslefrikk og ei gammal kjerring som har sett fast nasen i stubben, - då blir det eventyrleg spennande og moro!
Sentralt i framsyninga står den store eventyrboka ”Det var en gang". Askeladden bruker boka som vegvisar og oppslagsverk på den spennande ferda si. Gjennom møte med fleire kjente eventyrfigurar, og med litt hjelp frå barna, blir det snipp snapp snute!
Framsyninga varar i sirka 35 minutt
Passar for familie (barn frå 2 år og opp)
Skodespelarar frå Askeladden friteater
Regi og manus: Bjørn Helge Warud.
Denne framsyninga er ein del av haustprogrammet til Kulturhaust Ryfylke.