Velkommen til gode førjulsdagar i kommunesenteret!
Kommunesenteret Sand er i julestemning gjennom heile desember. Ta turen innom julegata og besøk våre flotte nisjebutikkar som har gode tilbod heilt fram til julaftan! Gjennom deira digitale julekalender blir eit nytt tilbod i sentrum publisert kvar dag på @SandiSuldal som gjeld for 24 timar. Torsdag 3. desember er det langope til klokka 22:00 i sentrum.
Ein kan også få med seg gode arrangement og aktivitetar. Suldal Bad held ope gjennom desember, ved Kulturhuset i Suldal kan ein sjå dei nyaste julefilmane, få med seg juleutstillinga til Suldal mållag og besøke pepperkakelandsbyen.