Opplev korpsmusikkens kraft og mangfald på sitt beste i denne konserten søndag på Ryfylkedagane.
Rogaland Ungdomskorps og korpsa i Suldal vil presenter eit variert program, med alt frå energiske marsjar og fyrrige fanfarar til mjuke melodiar. Bli med og opplev den unike samhøyrigheita eit korps kan skape og la deg trollbinda av lidenskapen til dei som står på scenen denne dagen.
Rogaland ungdomskorps
Her treff du dedikerte musikantar i alderen 14 til 19 år. Dette er eit korps som er meint å vera ein ekstra inspirasjon for msuikantar som er blant dei eldste i sitt korps. Rogaland Ungdomskorps (RUK) held eit høgt musikalsk nivå og seier sjølve at å spele i RUK er som å spele på landslaget. Korpset består som regel av kring 50 medlemer.
Korpsa i Suldal
I Suldal har me 4 aktive korps per idag; Suldal musikkorps, Erfjord skulekorps, Marvik musikkorps og Sand musikkorps. Til saman tel desse korpsa 63 musikantar! Ei helg kvart år har dei eit felles seminar som vert avslutta med ein konsert. Denne søndagen vil de få høyre to av songane som dei spelte saman på sist seminar i mars.
Velkommen til konsert!