Frå:
30/11/2019
6:00 pm
Sand
Til:
30/11/2019
7:30 pm
Judith Sørhus Litlehammar
Judith Sørhus Litlehammar

Korps - Haugesund Teater + Suldal Musikkorps

Haugesund teater set opp det Ibsenpris-nominerte stykket Korps. Med på scena: Suldal Musikkorps!
Og viss du lurer på kven Suldal Musikkorps er, så er det ei samling av spelefolk frå kvart av korpsa i kommunen. Knut Nærum sitt teaterstykke Korps skal i haust turnere i Rogaland, og på kvar plass blir det eit lokalt korps med. I stykket møter me Silje (Ameli Isungset Agbota) som speler klarinett og Emil (Henrik Bjelland som speler baryton. Men det er ikkje bare Silje og Emil som blir kjent gjennom korpset. På dugnad treffast foreldre og naboar også, anten dei vil eller ikkje. I ein smeltedigel av kjensler, nostalgi, personleg agenda og oppofrande engasjement blir me kjente med alle dei som gjer korps til korps, og me blir kjente med dei som driv frivillegheitsnorge. Korps er ei teaterframsyning som hyllar korpslivet i bygd og by. Knut Nærums Ibsenpris-nominerte hyllest til frivillegheit er eit nært og varmt møte mellom to unge menneske og miljøet rundt dei. Stykket vart nominert til Ibsenprisen 2018.

«Koss komme di på det?», spør ofte folk når dei høyrer på Kvindesland og Skjæveland. Nå får du svaret. Skaff deg billett kjapt, duoen har tidlegare spelt for fulle hus i Stavanger.

Radioprogrammet Utakt rundar altså 10 år, og festen feirer dei i Ryfylke! Me kjenner stemmene til Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, både frå Lokalen og Utakt i NRK P1: Radarparet som spreier latter, kunnskap, galskap og varme gjennom radioapparatet. Nå oppsummerer dei radio-livet så langt. I denne framsyninga får du bli med inn i studio og oppleve korleis det eigentleg føregår, og kvifor ting blei som det blei.

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
30/11/2019
, klokka
6:00 pm
Arrangementet slutter:
30/11/2019
, klokka
November
Prisar:
320 kr
Arrangementet starter:
30/11/2019
, klokka
6:00 pm
Arrangementet slutter:
30/11/2019
, klokka
7:30 pm
Type arrangement:
Førestilling
Musikk/konsert
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Kulturhuset i Suldal
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no