Frå:
22/7/2020
12:00 pm
Sand
Til:
22/12/2020
2:00 pm
Ryfylkemuseet
sau

Livreddaren

Ut 2020 kan ein besøkje utstillinga "Livreddaren" ved Nesasjøhuset. Utstillinga er eit portrett av den norske spelsauen.
Vandreutstillinga «Livreddaren» er eit dokumentarisk portrett av den gamalnorske sauen, ein sauerase som har vore ein trufast fylgjesven gjennom fleire tusen år. Ulla frå spelsauen har heilt særeigne kvalitetar. I tidlegare tider visste ein korleis ulla skulle nyttast, ein kunnskap som no er i ferd med å bli borte. Spelsauen er trengd bort av sau med ull som tekstilmaskiner betre kan handtera. Denne maskinulla har ikkje den same kvaliteten som spelsau-ull. Utstillinga «Livreddaren» vitnar om kva vi er i ferd med å mista grunna denne utviklinga, av genmateriale, praktisk kunnskap, historisk medvit og råvarer med heilt eineståande kvalitet. Gjennom foto, tekst og installasjon får publikum ein presentasjon av ein viktig del av vår kulturbiologiske historie og korleis dyr og menneske har vore gjensidig avhengig av kvarandre. Fotografiar av Nils Olav Mevatne Tekst av Øystein Rygg Haanes Installasjon av Marit Adelsten Jensen og Else Tysse Bysheim Opningstider finn du på ryfylkemuseet.no.
Stad:
Sand
/
Nordenden 14, 4230 Sand
Arrangementet starter:
22/7/2020
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
22/12/2020
, klokka
December
Prisar:
Arrangementet starter:
22/7/2020
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
22/12/2020
, klokka
2:00 pm
Type arrangement:
Utstilling
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Ryfylkemuseet
Telefon:
E-post:
post@ryfylkemuseet.no