Frå:
24/2/2021
10:30 am
Sand
Til:
24/2/2021
11:00 am
Nenad Ignjatic
Nenad Ignjatic

Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Ryfylke

Velkommen til årets første lunsjkonsert på kulturhuset!
Medverkande musikarar er sopran Amelie Aldner og pianist Anja Felbab, i samspel med distriktsmusikarane i Ryfylke. På programmet står musikk av Strauss, Mahler, Berg og Sibelius. Les meir om artistane nedanfor. Gratis inngang og open kafe. Grunna smittevern vil konserter vere i storsalen. Velkommen! Amelie Aldner (tidl. Aldenheim) kunne sjåast og høyrast digitalt i prestigetunge New York Festival of Song i oktober 2020, samen med pianist Daniel Gerzenberg. Amelie var engasjert som solist ved Den Norske Opera og Ballett i 2009-2014. Ho har mottatt fleire prisar og stipendar frå blant annna Kungliga Musikaliska Akademien i Stockholm og Fond for utøvande kunstnarar i Norge. I 2018 vant ho første pris i Grand Prize Virtuoso International Music Competition. Ho har medvirka i dvd- og cd-innspillinger, blant anna albumet At Midnight Hour saman med domkantor Marcus André Berg. I 2019 var Amelie deltakar i det internasjonalt anerkjende vokalprogrammet ved Ravinia Steans Music Institute i Chicago, kor ho song på live-streamede konsertar, og på masterclass for stjernesopranen Angel Blue. Anja Felbab er ansatt som pianolærar ved Sandnes Kulturskole. Ho er ein aktiv pianist, med mastergrad frå Beograd (Serbia) og Stavanger. Ho har studert hos den berømte norske pianisten professor Håkon Austbø. Anja har spelt konsertar i Noreg, Sverige, Nederland, Tyskland og Østerrike, og er ein aktiv solist, kammermusikar og akkompagnatør. Ho har vunne ein rekke prisar, både nasjonalt og internasjonalt.
Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
24/2/2021
, klokka
10:30 am
Arrangementet slutter:
24/2/2021
, klokka
February
Prisar:
Gratis
Arrangementet starter:
24/2/2021
, klokka
10:30 am
Arrangementet slutter:
24/2/2021
, klokka
11:00 am
Type arrangement:
Musikk/konsert
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Distriktsmusikarane i Ryfylke / Kulturhuset i Suldal
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no